KREV RETTFERD: Forbundssekretær Brede Edvardsen og tillitsvalgt Solveig Samuelsen i Norsk arbeidsmandsforbund meiner det må politisk handling til for å stoppe utviklinga med pressa arbeidsforhold og låge løner i reinhaldsbransjen.
Øystein Windstad
Markering foran Stortinget på «Renholdernes dag»
Kastar hansken for rettferd
Aksepter, respekter og sjå oss. Det var bodskapet til reinhaldar Solveig Samuelsen som saman med NTL, NAF og Jonas Gahr Støre markerte reinhaldarane sin dag.
oystein.windstad@lomedia.no
Mellom fanene til Norsk Arbeidsmandsforbund og flagga til NTL og Fagforbundet var det ein heil del gule hanskar å sjå utanfor stortinget torsdag ettermiddag.
Også Ap-leiar og statministerkandidat Jonas Gahr Støre tok på seg ein gul hanske for å markere solidaritet med reinhaldarar, etter å ha vore med reinhaldarar på jobben:
– Eg har fått høyre om fagstoltheit, om viktigheita av å vere organisert og om at politikken spelar ei viktig rolle for å sikre seriøsiteten og anstendige løningar. Eg har også fått høyre om arbeidspress og dessverre alt for låge løningar. Difor seier eg som Arbeidsmandsforbundet i dag: Rettferd for reinhaldar, sa Støre.
• Dette er de 25 dårligst betalte yrkene i Norge
Får ikkje løn mellom arbeidsstader
Ei av dei som heldt appell og som veit kva dette dreier seg om, er Solveig Samuelsen som har jobba som reinhaldar i 22 år.
Ho er tillitsvalt i Arbeidsmandsforbundet og seier dette om dei største utfordringane for reinhaldarane:
– Det løn og arbeidstida. Vi har fleire arbeidsstadar får vi ikkje betalt mellom plassane. På den måten jobbar vi gratis. Det er det eg vil trekkje mest fram og som vi slit mest med, løn og arbeidstid.
– Sjå oss
Også situasjonen for reinhaldarane som blei overført frå Forsvarbygg til ISS var tema under markeringa. Reinhaldarane risikerer blant anna å miste millionar i pensjon:
– Saka er urettferdig. Mange av desse har jobba heile sin yrkeskarriere i Forsvarsbygg. Mange har eit eller to år igjen før pensjon, og får ingen ting tilbake. Det er blodig urettferdig spør du meg.
– Kva er ditt bodskap til politikarane?
– Aksepter oss, respekter oss og sjå oss. Ikkje gøym oss vekk. Før år 2000 jobba vi berre natt, kveldar og morgon. Vi snudde dette i 2000, no går vi tilbake. No blir det meir og meir morgon og natt og vi syns mindre og mindre. Det må nokon gjere noko med. Der kan politikarane bidra litt, sa Solveig Samuelsen, tillitsvalgt i NAF.
– Dette er vår felles kamp
Kjersti Barsok er 1. nestleiar i NTL og var ein av appellantane. Ho seier at NTL står last og brast saman med reinhaldarane i Nord-Norge som får dårlegare løn og arbeidsvilkår:
– NTL har jobba mykje med denne saka og syns dette er ein kald politikk frå regjeringa. Saka blir berre verre og verre. Vi har jobba for at reinhaldarar ikkje skal miste AFP-retten, men vi har sett at det ikkje er noko vilje frå regjeringa til å sjå på dette. Reinhaldarane har møtt ei kald skulder og ein iskald politikk. Staten burde vere i ei særstilling i å behandle folka sine skikkeleg. Det har dei ikkje gjort.
– Kva er bodskapet ditt til reinhaldarar?
– Deira kamp er vår kamp og vi står saman. Vi i NTL organiserer alle grupper på arbeidsplassane. Vi er veldig glad for å ha reinhaldarar i arbeidsplassfellesskapet saman med oss, at vi har same arbeidsgjevar og same vilkår. Dette blir utfordra av den politikken som blir ført no, fortel Barsok.
-FELLES KAMP: 1. nestleiar i NTL, Kjersti Barsok fortel at dei jobbar dagleg med rettane til reinhaldarar og at dei ikkje vil gje seg før blant anna ISS-reinhaldarane som blei overført frå Forsvarsbygg til ISS får skikkelege arbeidskår.
Øystein Windstad
Vil ha strengare reguleringer
Brede Edvardsen er forbundssekretær i Arbeidsmandsforbundet og har tidligare jobba innan reinhald av vindauger. Han er kritisk til einsidig fokus på pris når det offentlege skal kjøpe inn reinhaldstenster. Han fortel dette fører til dårlegare løner og arbeidsvilkår:
– Eg ser på reinhaldsbransjen som botnplanken i norsk arbeidsliv. Greier du ikkje å halde den får du problem i resten av arbeidslivet. Det ein såg i reinhaldsbransjen for ti år sidan smittar no over til andre bransjar.
– Kva bodskap har du til reinhaldarane?
– Dei må tore å seie ifrå. Det er eit problem at dei er redde og engstelege. Mange har innvandrarbakgrunn og få andre alternativ i jobbmarkedet. Då ender det med at dei ikkje torer å seie ifrå og gjer som sjefen seier. Gjer ein ikkje det, får ein ikkje endra noko. Det handlar om å stole på fagforeiningane og seie ifrå at sånn kan vi ikkje ha det. Vi må ikkje vere så snille og greie, meiner Edvardsen i Arbeidsmandsforbundet.
Les også
• Politikerne snudde. De kommunale renholderne beholder jobbene i Hole
Mest lest
Hanna Skotheim
Uføre vil få mange tusen mer i pensjon. Se tallene
TRENGER FOLK: På den spanske ambassaden på Frogner i Oslo er det tre ledige stillinger, med en årslønn på rundt 250.000 kroner.
Kai Hovden
Reagerer på ambassadelønn: – Sjokkerende lavt
Brian Cliff Olguin
Butikkansatte får ny lønn
– Det er deilig å jobbe samtidig som jeg går på skole, sier Tuva Opstad. Erik Pettersen er enig. Begge har tatt truckfører-bevis på jobben.
Brian Cliff Olguin
Da lønna kom inn på konto, oppdaget Erik og Tuva at noe ikke stemte
Jørn Eggum i Fellesforbundet (til venstre) og Knut Sunde i Norsk Industri (til høyre) møttes hos riksmekler Mats Ruland for å planlegge veien videre i frontfagsforhandlingene.
Jan-Erik Østlie
Brudd i lønnsoppgjøret: Kan bli storstreik etter påske
Veterinær og klinikkleder Caroline Holtet ved Lisaklinikken Dyrebeskyttelsen Norge.
Maud Lervik
Caroline tilhører den yrkesgruppa som oftest har selvmordstanker
BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.
Erlend Angelo
Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt
BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.
Jan-Erik Østlie
Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet
I Norge har Tesla-ansatte gitt uttrykk for at de frykter for å miste jobben hvis det blir kjent at de er organisert, noe Tesla har hevdet det ikke finnes noen grunn for. (Illustrasjonsfoto)
Martin Guttormsen Slørdal
Tesla-streiken: Elektrikere nekter å installere ladere
Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.
Leif Martin Kirknes
Økt kokainbruk blant unge elektrikere
Brian Cliff Olguin
Passasjeren skrek til Rebecca at han skulle voldta og drepe henne
Ringnes-sjåførene håper på politisk drahjelp for å redde opp mot ansatte fra å miste jobben.
Erlend Angelo
– Det er snakk om 300 ekte mennesker som vil miste jobben
FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.
Colourbox.com
Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke
Mats Ruland har allerede fire oppgjør på sitt bord, og skal i gang med mekling uka etter påske.
Leif Martin Kirknes
Lønnsoppgjøret: Brudd i tre nye oppgjør
Det danske flyselskapet DAT vant kontrakten på flyruten Florø – Oslo i 2021. Men danskene lot litauisk mannskap operere norske flyruter på litauisk lønn, samtidig som de mottok statsstøtte fra Norge.
Paul Kleiven / NTB
Dansk flyselskap brukte norske skattekroner på sosial dumping
Leif Martin Kirknes
Telenor-tillitsvalgte har fått nok: – Det er galskap
Renovatørene Markus Michalsen Helmundsen (t.v.) og Svein Øyvind Syse Johansen er godt kledd i gule refleksjakker, arbeidsbukser og vernesko. De får dekket alt arbeidstøy av jobben. Det får ikke barnehageansatt Alexander Filiberto (i midten).
Jan-Erik Østlie
Alle tre jobber i kommunen, men bare to får dekket alt arbeidstøy
Det var ikke mye varme igjen i Olsens hender etter å ha strevd seg igjennom snøen i Arendal.
Sissel M. Rasmussen
Kim Alexander må velge mellom å fryse på jobb eller søle til private klær
Så langt er det meldt om to tilfeller av skabbsmitte blant vaktere ved Nasjonalmuseet.
André Kjernsli, Flickr
Vektere ved Nasjonalmuseet har fått skabb. Ansatte frykter større utbrudd
OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.
Leif Martin Kirknes