Sørlandsbanen ramma av streik i NSB
Lokførarane trappar opp togstreiken
Lokførararne trappar opp streiken. Langdistanseruter på Sørlandsbanen vil bli ramma.
STREIKEMØTE: Rolf Ringdal (tv) i NLF og streikekommiteen til lokførarane bestemte å ta ut 6 nye i streik fredag ettermiddag.
Ole Palmstrøm
Saken oppsummert
oystein.windstad@lomedia.no
Frå før er 118 lokførarar tekne ut i streik og det er full stopp på Østfoldbanen. I dag bestemte Norsk lokomotivmannsforbund (NLF) å ta ut seks nye lokførarar i streik.
Alle desse togførarane blir tekne ut på Sørlandsbanen. Kvar dag går det åtte tog på Sørlandsbanen. Streiken vil gjere at mellom eit og fem tog vil bli instilt dagleg på Sørlandsbanen. Leiar av NLF, Rolf Ringdal, meiner leiinga i NSB ikkje har rikka på seg:
– NSB kjem oss ikkje i møte med tanke på inngå ein avtale for nasjonal standard kompetanse for lokførarar. Då er vårt våpen å trappe opp i streik og det har vi gjort no, seier lokførar-leiaren.
Nasjonale krav
Lokførarne streikar fordi dei fryktar for sikkerheita på norsk jarnbane som blir privatisert neste år. Lokførarane meiner det må kome spesifikke nasjonale krav for kva som skal til for å kunne kjøre tog. Lokførarane ønskar at dette skal stå i tariffavtalen med NSB, noko selskapet nektar. Både lokførarane og NSB er opne for at krava til utdanning og kompetanse blir slått fast av Samferdseldepartementet.
Ny rapport
I forrige veke kom ein rapport som analyserte sikkerheitsfarer ved privatisering. Rapporten som blei bestilt av Samferdselsdepartementet slo fast at det bør kome ei standardisert utdanning for alle selskap som har lokførarar. I tråd med det Ringdal og hans medlemmer meiner:
– Vi er veldig nøgd med rapporten og den viser at vi har rett. Det er nødvendig å sikre lokførarkompetanse. Når det er ein rapport som seier det, styrkar det vår argumentasjon. Det som gjeld no er at rapporten blir teke seriøst, seier Ringdal.

Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Nå: 0 stillingsannonser