JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Gratulerer, Stefan!

Arve Bakke med gratulasjonar til sin tidlegare kollega Stefan Löfven.

Norvald Mo

Riksdagsvalet i Sverige er over. Den blå-gule regjeringa leia av Fredrik Reinfeldt frå Moderatarna går av. Dei raudgrøne vart største koalisjon og tar truleg over med Stefan Löfven som statsminister.

Vi kjenner Stefan i Fellesforbundet. Han har leia IF Metall i Sverige og vår samarbeidsorganisasjon i Norden, IN. Kjell Bjørndalen og eg har hatt gleda av å sjå Stefan vekse med oppgåvene og bli det naturlege samlingspunktet på venstresida i svensk politikk. Stefan er ein person ein kan stole på. Han kjem til å leie Sverige i ei ny retning. Bort frå skattelette, privatisering og svekking av arbeidslivspolitikken. Kor raskt og omfattande han får snu den svenske skuta, gjenstår å sjå. Han får ein veldig vanskeleg jobb. Den parlamentariske situasjonen er høgst uavklart, og kommentatorar seier at det er den mest kompliserte Sverige har hatt i nyare tid. Ei raudgrøn regjering må søkje støtte inn mot sentrum. Eit sentrum som har vore med og styrt Sverige dei siste åtte åra. Men då har dei blå vore tyngdepunktet. No er det dei raude med Stefan i spissen som er tyngdepunktet. Det er ein svært viktig forskjell.

Den største oppgåva framover blir å skape fleire arbeidsplassar og få ned arbeidsløysa, særleg blant ungdom. Ungdomen stemte i større grad enn folket elles på Sosialdemokratane. Det var ikkje overraskande. Ungdomen festa lit til at Sosialdemokratane kan få fart på Sverige og skape framtidstru. Investeringar framfor skattelette var Sosialdemokratane sin viktigaste bodskap i valet. Dette er ingen ny bodskap. Vi kjenner den igjen frå Norge. På åtte år vaks sysselsettinga med 350.000 personar og arbeidsløysa heldt seg låg. Ein viktig grunn for det var nettopp at offentlege budsjett vart brukte aktiv for å målretta aktivitet mot det som skapte arbeidsplassar.

Det er grunn for å vere urolege over Sverigedemokratane si store oppslutning. Det var nok også medlemer frå Stefan sitt forbund som stemte på dei. Medlemer som går arbeidsledige og som har fått redusert sin velferd under blått styre. Medlemer som er frustrerte og som har stemt i protest. Ei ny regjering må vise veien ut av frustrasjonen.

Valkampen og valet viste at Stefan har stor personleg oppslutning. Tillit er noko ein får gjennom måten ein opptrer på. Vi høyrde og såg han på tv under sosialdemokratane si valvake. Han varsla ny kurs for Sverige, men understreka samtidig at han ikkje går inn i forhandlingane med steinharde og ultimate krav. Eg kjente Stefan igjen på dette. Det er slik han har leia IF Metall. Det er slik han opparbeidde tillit og respekt blant medlemene. Å stilla krav er ikkje vanskeleg. Utfordringa er å oppnå noko i eit vanskeleg politisk farvatn. I den situasjonen Sverige er i er Stefan den absolutt rette til å lede Sverige de neste fire åra. Vi i Fellesforbundet ønskjer ein god ven lykke til med jobben, og vil støtte Stefan så godt vi kan. Han kjem til å verte ein samlande politikar, som vil setje sitt klare preg på Sverige.

Han kjem til å leie Sverige i ei ny retning

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse