JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kjerringa ingen kunne målbinde

– All politikk må sjåast frå brusteinen, seier Oddny Miljeteig.
FRÅ FAGRØRSLA: – Eg seier ikkje «dei i LO». LO, det er «oss», seier Oddny Miljeteig.

FRÅ FAGRØRSLA: – Eg seier ikkje «dei i LO». LO, det er «oss», seier Oddny Miljeteig.

Sissel M. Rasmussen

ragnhild@lomedia.no

– I dag er eg glad eg hadde pengar i lomma.

Oddny Miljeteig er opprørt. Det er ho ofte. Men denne dagen er det regjeringas forslag om eit nasjonalt tiggarforbod som har fått SV-hjartet til å banke endå hardare. For kva har ikkje regjeringa føreslått? Ikkje berre vil dei forby menneske å be om hjelp, dei vil og kriminalisere dei som hjelper tiggarane. Då må dei nok fengsle Oddny fyrst.

Det er rommeleg både i lommene og i hjartet til Oddny Miljeteig. Då Strax-huset, eit lågterskeltilbod for rusavhengige i Bergen, skulle flyttast, føreslo SV-politikaren at dei skulle få dei lågaste etasjane i rådhuset. Ryktet vil ha det til at Oddny har vore med å skjule asylsøkjarar. På det punktet er ho ordknapp. Men kampen for dei utstøtte og dei svakaste har alltid vore Oddny sitt varemerke.

– Det er derfor me sosialistar trengs.

Evig rebell

Oddny Miljeteig er «heile Bergens sosialistiske mor», skal vi tru SU-leiar Nicholas Wilkinson. Sidan 2003 har ho vore gruppeleiar for SV si bystyregruppe i byen. I partiet er ho høgt respektert og elska for sin veremåte og sitt brennande engasjement. Når Inga Marte Thorkildsen går av som nestleiar på landmøtet i mars, trer ho inn i partileiinga.

Oddny kallar seg eit opposisjonsmenneske. Og det er vel og som «opposisjon» at ho vert hanka inn i SV-leiinga. Mens partiet dei siste åra har vore leia av småbarnsforeldre fødde på 70-talet, med bakgrunn frå SU og erfaring frå tinget, er Miljeteig 60 år gamal med forankring i lokalpolitikken og i grasrota. Ustrigla, dønn ærleg, og ikkje så reint lite uregjerleg. Som då ho i 2011 bad SV gå ut av regjering frå framsida av Bergensavisen. Eller då ho same år fronta eit opprop mot høgredreiing i partiet og hevda at «SV er inne i ei djup krise».

– Kjem du til å møte deg sjølv i døra?

– Eg har ingen skjelett i skapa. Mine bravadar er godt kjende. Om det er meg landsmøtet vil ha, så veit dei kva dei får.

Nokre har forsøkt å gje Oddny ein medierådgjevar. Det har ikkje lukkast. «Oddny er ingen taktikar», seier kollegaer frå politikken. Ho reknar ikkje på kor mange veljarar det er å vinne, eller korleis saka vil framstå i media. Ho møter opp på Torgallmenningen med megafon anten det kjem 20 eller 2000. Oddny seier det ho meiner, og ho let hjartet styre. Hjartet og Jesus.

Om Jesus og justis

For Oddny si tru er fast. Ho vaks opp på garden Tøsse i Åkrafjorden i Sunnhordaland. I fjorden og den veglause grenda sto bedehustradisjonen sterkt. Oddny minnast møter i skulestova der ein og annan emissær ikkje la fingrane imellom i skildringane av den evige pine. I fleire år kjende ho seg framand frå den kristne arven, men som vaksen har ho funne tilbake til barnetrua. Eller kan hende den alltid har vore der.

– Trua minner meg på kva det er viktig å være oppteken av, og kven si side ein skal ta.

Ho er sjeldan i kyrkja, og det vert ikkje mykje tid til å lese i Bibelen. Men på Kafé Magdalena, Kirkens bymisjon sin kafé i Bergen sentrum, kjenner ho seg heime. Her kjøper ho kaffi og smørbrød, og treff ein og annan ven som ikkje har hatt det så lett her i livet.

– All politikk må sjåast frå brusteinen. Eg er heilt sikker på at Jesus ikkje hadde følt seg bekvem i Justisdepartementet, seier Oddny og fnys av både tiggarforbod og «renovasjonspolitikk».

Fødd sosialist

Oddnys far var gardbrukar, arbeiderpartimann og, ifølgje Oddny sjølv, den mest radikale i heile fjorden. Han hadde ei meining om det meste, og i potetåkeren gjekk debatten friskt mellom Ola og den einaste dottera hans. Men om faren var radikal, var Oddny det endå meir. 14 år gamal skreiv ho til Sosialistisk Folkeparti etter informasjonsmateriell. Tru mot partiet har ho vore sidan.

– Det kjennest som eg vart fødd sosialist, seier 60-åringen.

Men det var målsaka som fyrst gjorde Oddny til aktivist. I gymnastida i Odda var ho med på dei fyrste læremiddelaksjonane, for jamstilling av læremidlar på nynorsk, og sidan kasta ho seg inn i Målungdommen og Noregs Mållag. Det var her, i målrørsla, ho møtte mannen sin, Terje.

Endå ho berre var 13 år gamal då ho flytta heimafrå, er dialekta frå Åkrafjorden like klingande som før. Noregs Mållag har neppe hatt ein meir iherdig vervar. Men framleis manglar det 35 stykk på å nå målet om å ha verva 500 medlemmer.

– Heile SV si bystyregruppe i Bergen er medlemmer av Mållaget. Og eg har verva LO-leiaren. Og Arve Bakke, smiler ho.

Takka nei til FO

Då Oddny i 20-åra skulle velje kva utdanning ho skulle ta, var ho oppteken av å finne eit yrke der ho kunne vere sikker på at ho ville halde fram med å vere radikal. Valet fall på sosionomutdanninga. Og via studentorganisasjonen til Sosionomforbundet kom ho inn i fagrørsla. Ho starta som tillitsvald på heiltid i 1991, som fylkessekretær i Fellesavdelinga av Norsk barnevernpedagogforbund, Norsk sosionomforbund og Norsk vernepleierforbund. Og då dei tre forbunda seinare vart slått saman til eitt, vart sosionomen frå Åkrafjorden fylkessekretær i det nye FO Hordaland og seinare nestleiar i LO i Bergen.

Men då valkomiteen spurde om ho ville bli FO-leiar, takka Oddny nei.

– Eg har fagrørsla i mitt hjarte, men eg er ingen pendlar. Og så hadde eg ungar som budde heime, veit du.

Det vart SV, og ikkje LO, som trakk det lengste strået. Men Oddny har ikkje gløymt kvar ho kjem frå. «Eg trur vi kan få eit SV som søkjer meir mot fagrørsla», seier ein gamal kollega.

Nokon «quick fix» for partiet har ho ikkje tru på. Oddny trur på godt, ærleg arbeid, og kjenner seg trygg på at SV sine kjernesaker – kampen for velferdsstaten, sosial rettferd, omfordeling, klima og miljø – er det som må gje partiet gjennomslag og oppslutnad.

– Du har bede SV gå ut av regjering meir enn ein gong. Vil du støtte eit nytt raudgrønt regjeringssamarbeid?

– Eit parti som kavar på sperregrensa kan ikkje ha den luksusen å fabulere om den slags. No må me komme oss over kneika som parti. Å snakke om regjeringsmakt no, verkar litt råflott, synest eg.

Energibunt

Nokon veljarmagnet er ho ikkje, skal vi tru henne sjølv. Men Oddny Miljeteig er eit kjært namn i mange leirar. Målrørsla, fagrørsla, kvinnerørsla, fredsrørsla og bonderørsla kan alle takke Oddny for lang og tru teneste. Så har ho òg hatt mange år på seg, mumlar 60-åringen.

«Oddny finn enorme mengder energi for saker andre ikkje trur det er mogeleg å vinne», seier ein ven og kollega. Men når energien ein dag tek slutt, har ho gravskrifta klar. Der skal det stå: «Seks timars arbeidsdag. Ho var med!».

Namn: Oddny Miljeteig

Alder: 60

Aktuell som: Innstilt som ny nestleiar i SV

Eg er heilt sikker på at Jesus ikkje hadde følt seg bekvem i Justisdepartementet.

Dette er en sak fra

Vi skriver for tillitsvalgte i alle LO-forbund.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Namn: Oddny Miljeteig

Alder: 60

Aktuell som: Innstilt som ny nestleiar i SV