JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Norge treng sterke offshoreverft

Verda treng olje og gass som ein sentral del av energimiksen i mange tiår framover, skriv Atle Tranøy
Atle Tranøy, LO-konferansen Aker ASA

Atle Tranøy, LO-konferansen Aker ASA

Håvard Sæbø

Det internasjonale energibyrået (IEA) slår i sitt siste World Energy Outlook fast at verdas samla etterspurnad etter olje og gass i 2040 vil vera 95 prosent av dagens, sjølv i eit to graders scenario.

Å ta på alvor utvikling av alternative energi- og industriformer betyr ikkje at me treng skyta oss sjølv i forten ved å bygga ned ei næring der me har verdsleiande posisjon på teknologi og kompetanse. Som fremst på miljø- og ressursvenleg oljeindustri blir det meiningslaust om Norge skal overlata arenaen til andre som ikkje tar like seriøst på dei miljømessige sidene. Vår kompetanse innan næringa vil også vera ein sentral del av teknologi- og kompetansebasen for utvikling av framtidas energiløysingar.

Det har stått sentralt i forvaltinga av våre petroleumsressursar å vera til stades i heile verdikjeda, for å sikra verdiskaping, kompetanseutvikling og sysselsetjing. Resultata fram til nyleg tilseier at strategien har vore rett og vellukka, men diverre er døma dei seinare år alt for mange på at oljeselskapa sitt taktskifte med tilbodspris som det avgjerande kriteria har påført fellesskapet både forseinkingar, gigantiske overskridingar og tapte norske industriarbeidsplassar. Det er på høg tid å ta lærdom av feila.

Konkraft-rapporten av 2013 slo eintydig fast kor viktige offshoreverfta er for den samla norske petroleumsklynga. Som det einaste selskapet med større feltutbyggingar i nær framtid held Statoil verfta si skjebne i sine hender. Summen av verfta sitt forbetringsarbeid og samarbeid mellom operatør og kontraktør om kostnadseffektivisering i gjennomføringsfasen bør gjera det fullt mogleg å nå målet om kostnadseffektive feltutbyggingar. Då kan ikkje Statoil fråskriva seg samfunnsansvar, halda fram med einsidig press på pris som evalueringskriterie og påtvinga norske leverandørar vilkår som ingen kan leva med på sikt. For Statoil sin hovudaksjonær det norske samfunn, er å ta det industrielle ansvar langt viktigare enn kortsiktig finansiell agenda og lånefinansiert utbytte.

Konkraft-rapporten slo fast at verfta sin kompetanse og kapasitet har stor betydning for petroleumsklynga si samla vitalitet og konkurransekraft. Vidare at fabrikasjonskompetansen ved verfta gir viktige impulsar til design-, produkt-, og teknologiutvikling, og verfta er svært viktige for fagarbeidarutdanninga.

Utbygginga av Johan Sverdrup har blitt framstilt som nærast eit symbol på nasjonal dugnad for å løfta offshoreindustrien gjennom ein vanskelig periode. Johan Sverdrup må bli eit norsk, og ikkje asiatisk industrieventyr!

Annonse
Annonse