JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Oljebremsen set spor

Båtbyggjarane ved Vard sine verft på Nordvestlandet har enn så lenge nok å hengja fingrane i. Men kjem det ikkje snart inn nye ordrar, går det mot fleire permitteringar over sommaren.
BREMSEN PÅ: Ved Vard sitt verft i Søviknes har dei enno arbeid, men konsernet slit med å få inn nye ordrar. I mai meldte Vard om kutt på 180 tilsette i Noreg.

BREMSEN PÅ: Ved Vard sitt verft i Søviknes har dei enno arbeid, men konsernet slit med å få inn nye ordrar. I mai meldte Vard om kutt på 180 tilsette i Noreg.

Harald M. Valderhaug

has@lomedia.no

Nedgangstidene i oljesektoren får no store konsekvensar for industrien. Dei første som mista jobben ved Vard, var dei innleigde frå Aust-Europa. Under fjoråret reiste dei heim att, mest alle som ein. Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at nettoinnvandringa av statsborgarar frå dei typiske arbeidsinnvandrarlanda Polen, Litauen og Sverige gjekk ned med 28, 51 og 60 prosent, samanlikna med første kvartal i fjor.

Ordretørke

Mangelen på nye oppdrag, har ført til at mange av ingeniørane ved Vard har blitt permitterte. I byrjinga av mai meldte Vard om eit kutt på 180 tilsette, som er rundt 10 prosent av totalen.

– Får vi ikkje nye oppdrag, vil permitteringane etter kvart spreie seg til dei som arbeider i produksjonen, seier konserntillitsvald Arne Otto Rogne til Magasinet for fagorganiserte.

Sal i motvind

Statoil har sett bremsen på, og med låg oljepris ligg mange sypplybåtar i opplag. Då er det ikkje marknad for å bygge nye. Salsavdelinga hjå Vard jobbar på spreng for å få inn nye ordrar, men enn så lenge ser det ikkje så lyst ut.

– Nokon av verfta har meir å gjere enn andre, så vi prøver å fordela dei tilsette dit. No køyrer fleire av arbeidarane ved verftet i Brattvåg til Søviknes, seier Rogne.

Eldre ut

Dei som er over 62 år, vert oppfordra til å gå av med pensjon. Nokon gåvepensjon er det ikkje snakk om, men dei slepp arbeidsplikta i den seks månader lange oppseiingstida. Noko rush av pensjonistar har det ikkje vorte, men nokre har gått med på den frivillige ordninga om å gå av.

Snur fort

Rogne seier at sjølv om det ser mørkt ut nett no, så vil han ikkje svartmåla:

– Slik er det i denne bransjen. Det går opp og ned, og nett no er det lite å gjera. Eg har trua på at vi kjem oss gjennom dette òg, seier han.

Dersom det kjem nye kontraktar no, går det uansett minst eit heilt år frå arbeidet med skroget startar ved Vard sitt verft i Romania, til det kjem til eit verft på Nordvestlandet.

Kutt på kutt

For eit drygt år sidan var det mest ikkje mogleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft til oljeleverandørindustrien. No er situasjonen ein heilt annan. Fleire tradisjonsrike verft og verksemder permitterer og seier opp tilsette.

Rolls-Royce varsla i går at dei vil kutte med ytterligare 600 tilsette innan utgangen av 2015. Rundt halvparten av desse kutta vil råke dei tilsette i Noreg.

Hjå gir- og propellprodusenten Olvondo på Bømlo tok dei tilsette for tre år sidan over produksjonen då Wärstilä ville redusera aktiviteten. No røyner det på, og dei lyt seie opp rundt 30 av dei 95 tilsette.

Vard Group AS, tidligare STX Europe, er et skipsverftskonsern med hovudkontor i Ålesund. Den italienske verftsgruppa Fincantieri er majoritetseigar i konsernet. Vard eig fem skipsverft i Noreg, to i Brasil, to i Romania og eit i Vietnam. Dei norske verfta er Vard Aukra, Vard Brattvaag, Vard Brevik, Vard Langsten og Vard Søviknes.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse

Vard Group AS, tidligare STX Europe, er et skipsverftskonsern med hovudkontor i Ålesund. Den italienske verftsgruppa Fincantieri er majoritetseigar i konsernet. Vard eig fem skipsverft i Noreg, to i Brasil, to i Romania og eit i Vietnam. Dei norske verfta er Vard Aukra, Vard Brattvaag, Vard Brevik, Vard Langsten og Vard Søviknes.