JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Brødrene Aa skal byggje båtar for Kina

Brødr. Aa i Sogn og Fjordane har halt i land ein storkontrakt med Kina, og skal levere to snøggbåtar til ein samla verdi på 160-170 millionar kroner.
KATAMARAN: Brødr. Aa i Hyen i Sogn og Fjordane har fått storkontrakt med ein kinesisk operatør om to snøggbåtar.

KATAMARAN: Brødr. Aa i Hyen i Sogn og Fjordane har fått storkontrakt med ein kinesisk operatør om to snøggbåtar.

Hareide Design/Brødrene Aa

hanne@lomedia.no

Det er snøggbåtoperatøren CKS i Hong Kong som har underteikna avtalen med verftet i Hyen, ei av få norske verksemder som har lukkast i å trengje gjennom muren som vart til etter at fredsprisen blei gjeven til den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo.

Det var måndag dagleg leiar Tor Øyvin Aa fortalde dei tilsette at Kina-kontrakten var i boks. No skal verftet i Hyen levere to moderne snøggbåtar til ein av verdas største snøggbåtoperatørar. Dei to båtane skal vere på 40,7 meter og ta 270 passasjerar. Dei skal byggjast i karbonfiber, noko som er både kostnadseffektivt og miljøvenleg.

Klubbleiar Oddbjørn Vee seier til Magasinet for fagorganiserte at dei skal levere dei to båtane i september 2016 og i januar 2017. Det passar dei 130 tilsette veldig bra. Akkurat no har dei ein batteridriven turistbåt for Fjordcruise på beddingen. Den skal ta vel 400 passasjerar og gå inn og ut Nærøyfjorden.

– Batteridrift er nytt for oss, det er eit pilotprosjekt som vi vonar vi skal få fleire av, seier Oddbjørn Vee og legg til at dei har hatt fullt opp å gjere, og at dei fekk eit historisk høgt overskot i verksemda i 2014.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse