JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Skuffa over renteauke

Statstilsette med lån i Statens pensjonskasse får dyrare lån. – Skuffande, seier Rimle Michelsen og Jill Anette Idsø i NTL Skatt.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Noko av det siste den raudgrøne regjeringa gjorde før den gjekk av, var å auke renta for 70 000 statstilsette. Den gunstige renta ein får i Statens pensjonskasse (SPK) vart i forslaget til statsbudsjett auka med 0,5 prosentpoeng. Den nye regjeringa la på 0,25 prosentpoeng, slik at renta blir på 3,0 prosent.

Effekt

NTL anslår at mellom 10 og 15 000 av deira medlemmer har huslånet sitt i SPK. Lågare rente enn kva bankane byr på er eit frynsegode over 70 000 statstilsette har nytta seg av.

NTL-medlem Jill Anette Idsø (33) er ein av dei. Ho jobbar i Skatt Vest i Stavanger, og bur i ein av byane med dei aller høgste bustadprisane i landet. Ho reagerer på skjerpinga frå den avtroppande regjeringa.

– Det er litt skuffande at det kom frå den raudgrøne regjeringa. Dette lånet er eit av dei få godene vi har, med dei lønningane vi har i staten, seier Idsø.

Mister fordelar

Ho kjøpte bustad i mai, og har eit ferskt lån i SPK. Ho sparar før denne auken knappe 1000 kroner i månaden samanlikna med tilbodet ho fekk i ein bank. Eit kjapt overslag ho har gjort tydar på at lånet hennar no vil bli rundt 400 kroner dyrare i månaden, og enda litt til med H/Frp-regjeringa sin auke. Ho understrekar at ho ikkje er blant dei verst stilte, ettersom ho hadde ein del eigenkapital.

– Men det er ikkje kjekt, og det har blitt eit samtaleemne hos oss på jobb. Vi er ikkje så høgt lønna her i etaten, så om dei vil at nokon skal gjere desse jobbane er det greitt å ha pensjonskassa som eit gode, seier ho.

Idsø åtvarar mot å plukke vekk fordelane dei statstilsette har.

– Då eg kjøpte i mai, vurderte eg å skifte jobb. Men då var moglegheiten for å ta lånet i pensjonskassa med på å halde meg igjen og bli verande. Eg skal ikkje seie at eg vurderer veldig å skifte no, men om dei tek vekk den eine goden etter den andre, så er det ikkje så veldig attraktivt lenger. Det seier seg sjølv, poengterer ho.

Viktig

Rimle Christine Michelsen er ungdomskontakt i NTL Skatt vest og styremedlem i NTL Skatt. Ho var skuffa over signalet den raudgrøne regjeringa sende med dette forslaget.

– Den fordelen vi har med å kunne låne i SPK er viktig både for å halde på kompetansen i etaten, og for å rekruttere ny og viktig kompetanse. Dette er eit viktig frynsegode for nytilsette som kjem rett frå studia, seier ho.

Michelsen har merka seg at fleire og fleire nyttar seg av tilbodet i SPK, og peikar på at det er ekstra viktig i ein by som Stavanger, der prisane er veldig høge.

– Ein kollega søkte lån i ein bank, og fekk beskjed om å få seg ny jobb eller flytte på landet. Så det er vanskeleg nok å komme seg inn på marknaden, seier ho.

Kritisk

Også forbundsleiar John Leirvaag i NTL er kritisk til skjerpinga.

– Dette reagerer vi kraftig på. Ordninga blir omtala som alt for gunstig i forslaget til statsbudsjett for 2014. Men det stemmer ikkje, ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2009 før bank- og normrente var på same nivå, seier han.

Med den ekstra skjerpinga frå H/Frp, trur han ikkje det tar lang tid før fordelen er heilt borte:

– Når ein kjem tilbake til meir normale tider i bankmarknaden, fryktar vi at heile fordelen forsvinn, seier han.

Annonse
Annonse