Arbeidsulykker:
Flest døyr i arbeidsulukker innanfor bygg og anlegg. Dette er dei vanlegaste ulukkene
Seks personar omkom som resultat av arbeidsulukker i bygge- og anleggsprosjekt i 2018, viser ein ny rapport.
MANGE ARBEIDSSKADAR: I fjor var det ti skadar per tusen tilsette innanfor bygg og anlegg, mot ti skader i alle næringar.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
Bygg og anlegg er næringa med flest dødsfall som resultat av arbeidsulukker. Totalt seks personar omkom som resultat av arbeidsulukker i bygge- og anleggsprosjekt i fjor, viser rapporten «Ulykker i bygg og anlegg» laga av Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt.
– Ei dødsulukke er ei dødsulukke for mykje. Dei fleste ulukkene hadde vore enklare å hindre enn ein kanskje trur, og derfor har vi ein nullvisjon, seier Edvard Eidhammer Sørensen, Fellesforbundet sin representant i styret til Samarbeidet for tryggleik i bygg og anlegg.
Rapporten er levert til den nyleg oppretta stiftinga. Myndigheiter, byggherrar, entreprenørar, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar utgjer dei over 80 medlemmene. Målet er ei skadefri næring.
p
Vanlegaste ulukker
Arbeidstilsynet og arbeidsmiljøinstituttet har gått gjennom dei 72 arbeidsulukkene som førte til dødsfall i perioden 2011–2017. Dei vanlegaste typane ulukker er:
• kontakt med fallande gjenstand
• i eller på køyretøy som har mista kontrollen
• fall frå tak, plattform eller golv
• fall frå høgde utan sikring
• treft av køyretøy
• eksplosjon
Vanlege forhold er mangel på fysiske barrierar som hindrar fall og utforkøyring, manglande merking av farlege område og manglande bruk av fallsikringsutstyr og tryggleiksbelte.
Mange arbeidsskadar
Næringa hadde 2670 arbeidsskadar i fjor som ikkje medførte dødsfall, ifølgje rapporten. Det utgjer ti skadar per tusen. Gjennomsnittet for alle næringar er til samanlikning åtte skadar per tusen tilsette.
– Det er ei stor næring som driv med prosjektbasert bygging der oppgåver og sjølve arbeidsplassen endrar seg kontinuerleg, seier Stig Løvås, ansvarleg for Arbeidstilsynet sin aktivitet innanfor bygg og anlegg.
– Som oftast er det arbeidstakarar frå ulike verksemder som skal jobbe samtidig på same arbeidsplass. Det er også mange store maskinar involvert og gjerne mykje som går føre seg samtidig.
Tre forhold
Rapporten gir ei rekke anbefalingar om kva som er viktig for å motverke arbeidsulukker, basert på ei undersøking av tolv byggeplassar. Løvås trekker fram tre forhold som er spesielt viktige:
• arbeidsleiinga på byggeplassen
• organiseringa av byggeplassen
• kompetente arbeidstakarar
p
– Den operative arbeidsleiinga ute på byggeplassen må prioritere risikostyring høgt. Om det oppstår noko uventa, må dei handtere situasjonen trygt og ikkje ta sjansar. Og så må byggeplassen vere godt organisert. Det må merkast tydeleg der det går føre seg farleg arbeid, seier Løvås.
– Til slutt er kompetente arbeidstakarar viktig. Det er nødvendig med stabil arbeidskraft, faste stillingar og erfarne folk som tar vare på og stoler på kvarandre.