JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Slik finn du dei «skjulte» jobbane

Nedbemanna, outsourca eller enno ikkje komen i arbeid? Det er lett å «havna i kjellaren» etter ei stund med resultatlaus jobbsøking.
MOGLEGHEIT: Birgit Bratseth frå Karriere Sunnhordland i ei pause på Moglegheitskafeen saman med Øyvind Kyvik som er NITO-tillitsvald på Kværner Stord (til venstre) og Stig Faraas, organisasjonsarbeidar, Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland.

MOGLEGHEIT: Birgit Bratseth frå Karriere Sunnhordland i ei pause på Moglegheitskafeen saman med Øyvind Kyvik som er NITO-tillitsvald på Kværner Stord (til venstre) og Stig Faraas, organisasjonsarbeidar, Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland.

Håvard Sæbø

STORD: På Moglegheitskafeen i Leirvik kan dei mange arbeidslause i Sunnhordland treffe andre i same båt, og få innspel på vegen mot arbeid. Kaféen er open eit par timar kvar torsdag og starta i januar. Nettverkbyggjing er målet. For dei aller fleste jobbane kjem ikkje til Nav. Dei ligg berre ute på den skjulte arbeidsmarknaden, og vert tildelt kjenningar og folk som er i direkte kontakt med verksemdene.

Sjå korleis du kan finne dei «skjulte» jobbane nederst i saken!

Frustrerande nedturar

På ein av dei første Moglegheitskaféane treff vi ein ingeniør som har lang erfaring med å leie store prosjekt i oljebransjen. Han vil ikkje ha navn og bilete i bladet, men fortel at han har vore heilt utan arbeid i snart eitt år. Gode referansar og skussmål har han. Søknad etter søknad har han sendt, og vorte innkalla til intervju etter intervju.

– Men eg var berre langt frå å få jobbane, seier han, og syner fram to fingrar med berre ein millimeter mellom.

Om han har vore viljug til å flytte på seg?

– Sjølvsagt. Eg har jo budd i ein bag i over 20 år!

Dette er snittlønna i over 300 yrker

Skamkjensle

På ei lita scene i lokalet er Birgit Bratseth i gong med eit levande foredrag om hva ho og organisasjonen Karriere Sunnhordland kan gjere for arbeidslause og kva dei arbeidssøkande sjølv må yta for å få seg jobb. Ho seier at det er mange måtar å reagere på når ein mister arbeidet. Mange kjenner på både skam, sorg, sinne og frustrasjon. Og det kan ta litt tid å kome vidare etter sjokket. Nokre vil utvikle psykiske problem som angst og depresjon.

Bratseth peiker på at det er viktig at den arbeidslause tek vare på seg sjølv. Det kan hjelpe å finne andre gjeremål som kan erstatte den sosiale arenaen jobben òg har vore. Det er umåteleg viktig å ikkje isolere seg, men halde kontakten med familie og vener, og ikkje miste strukturen i kvardagane, men syte for å ha meiningsfulle ting å gjere kvar dag.

Øve på jobbintervju

Ved sida av scena sit to unge karar som vurderer tilbodet frå Karriere Sunnhordland om mellom anna trening i intervjuteknikk. Tom Erik Engelsen tok svennebrev som tømrar i desember, og Frank Vågnes tok fagbrevet i IKT i august. Begge hadde læretida i kommunen, men der var det ikkje arbeid til dei etterpå. Kameratane håper dei kan få seg jobb snart, og er glade for at dei enno kan bu heime hjå foreldra sine.

Disse 27 yrkene gikk ned i lønn i fjor

Har lita tru på ny jobb

59 år gamle Else Bukkøy høyrer på korleis det skal gjerast, men seier at ho trur det vert vanskeleg å finna seg nytt arbeid. Ho har jobba med økonomi og reknskap hjå Frontica Business Solutions på Stord, men vart arbeidslaus saman med rundt 30 andre då verksemda vart seld til utlandet.

– Eg hadde rekna med at eg kunne stå til eg vart 62. Slik vart det ikkje. No har eg søkt på alle slags jobbar. Men vi er mange om beinet, sukkar ho, og fortel at ho takkar ja til alle Nav-kurs for å ha noko å fylle dagane med.

Dette får du av LO hvis du blir arbeidsledig

Status for Sunnhordland

1.170 heilt arbeidslause

329 i industrien

203 i bygg og anlegg

130 i IKT og ingeniørar

99 innan reiseliv og transport

Kjelde: NAV

Sunnhordland

Eit distrikt i den sørvestlege delen
av Hordaland fylke

Omfattar dei sju kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes

Knapt 60.000 innbyggjarar

Slik gjer du

Utdanning.no er ein nettstad som er retta inn mot unge som lurer på kva yrke dei skal velje her i livet. Men der får ein òg tilgang til alle dei jobbane som ikkje vert utlyste i aviser, nettstader eller på Nav. Slik gjer du:

1. Gå inn på utdanning.no.

2. Klikk på Jobbkompasset.

3. Klikk på din bransje.

4. Klikk på ditt yrke.

5. Klikk på Les meir om....

6. Langt nede på sida finn du oversikt over verksemder som har tilsette i ditt fag.

7. Her kan du òg velge fylket du vil ha oversikt over.

8. Så er det berre å sende søknader eller ringje verksemdene for å høyre om dei treng folk.

Annonse
Annonse

Status for Sunnhordland

1.170 heilt arbeidslause

329 i industrien

203 i bygg og anlegg

130 i IKT og ingeniørar

99 innan reiseliv og transport

Kjelde: NAV

Sunnhordland

Eit distrikt i den sørvestlege delen
av Hordaland fylke

Omfattar dei sju kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes

Knapt 60.000 innbyggjarar