JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Partane ueinige etter møte om streik

Fortsatt steile frontar i togstreiken - fleire innstilte avgangar til helga

Togstreiken fortset etter at Riksmeklingsmannen prøvde å få partane på gli. Det er venta opptrapping og fleire innstilte avgangar til helga.
Lokførernes forbundsleder Rolf Ringdal og NSBs konsernsjef Geir Isaksen

Lokførernes forbundsleder Rolf Ringdal og NSBs konsernsjef Geir Isaksen

(begge bilder) Ole Palmstrøm

oystein.windstad@lomedia.no

Dei streikande lokførarane og leiinga i NSB møttes tirsdag, etter initiativ frå Riksmeklingsmannen.

Møtet endte ikkje med at partane kom til noko løysing. Dermed vil framleis 118 lokførarar streike.

NSB og Spekter seier rett ut at dei ikkje kjem til å gje lokførarane det dei vil:

– Etter samtalane er det klart at Lokomotivmannsforbundet dessverre står fast på kravet om å tariffeste kva kompetanse togførere skal ha, noko som er uaktuelt å innfri, seier administrerende direktør Anne-Kari Bratten i Spekter i ei pressemelding.

• 19 sikkerheitsfarer ved privatisering av jarnbanen

– Kom ikkje med noko nytt

Nyleg kom ein rapport til Samferdseldepartementet med ein gjennomgang av moglige sikkerheitsfarer ved den komande privatiseringa av norsk jarnbane.

Analysa slo fast at det bør kome tydelege krav til lik utdanning og kompetanse for å kunne bli lokførar. Oppstykka utdanning på forskjellige strekker var sett på som ei mogleg fare for sikkerheita.

Det er i tråd med det lokførarane heile tida har sagt. Rolf Ringdal, leiar av Norsk lokomotivmannsforbund (NLF) forklarar korfor partane ikkje kom nærmare slik:

– NSB og Spekter kom ikkje med noko nytt, dei kom berre med det same som i forhandlingane og i meklinga.

• Difor streikar lokførarane

Går mot opptrapping

Fredag skal dei streikande lokførarane møtast og diskutere vegen vidare. Ringdal signaliserar at dei då truleg kjem til å ta ut fleire togførarar i streik. Det er ikkje endeleg bestemt kva strekning som kan bli ramma av dette, men det har vore diskutert å ta ut lokførar på Sørlandsbanen. Frå før er det full stopp i Østfoldbanen.

Både NSB og NLF ønskar at det kjem grundige, nasjonale krav til kva som skal til for å kunne bli lokførar.

NSB vil være nøgde om alle selskap som skal kjøre tog har dei same krava til utdanning, slik at ingen får konkurransefortrinn. Det blir dei same utgiftene på alle.

Lokførarane vil like dette, fordi då kan ingen togselskap presse lønningar eller sikkerheitskrav ned med lågare utdanningar på forskjellige togruter. Ein vil kunne unngå A og B-lag blant lokførarane.

Samferdseldepartementet har så langt ikkje signalisert at dei vil få fortgang i arbeidet med nasjonal standard og krav til lokførarutdanning.

Solvik-Olsen kan ha løysinga for togstreiken

• Lokførarane har norges sterkaste streikevåpen

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse