JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

LO Stats landskonferanse:

– Ap vil frigjere Norge frå dei borgarlege

– Ved kommunevalet blei 1,5 millionar nordmenn frigjort frå borgarleg styre. No vil vi frigjere heile landet, seier Ap-sekretær Kjersti Stenseng som håpar på ekstra drahjelp av LO.
VIL MOBILISERE: Partisekretær i Ap Kjersti Stenseng meiner støtte frå LO er avgjerande om det skal bli ei ny regjering: - Vi står saman i kampen for eit anstendig arbeidsliv.

VIL MOBILISERE: Partisekretær i Ap Kjersti Stenseng meiner støtte frå LO er avgjerande om det skal bli ei ny regjering: - Vi står saman i kampen for eit anstendig arbeidsliv.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia

Kjersti Stenseng og Ap var invitert på LO Stat sin landskonferanse for å snakke om det fagpolitiske samarbeidet. Der kom ho med bodskap om styrka samarbeid mellom fagbevegelsen og Ap:

– Før kommunevalet i fjor budde 32 prosent av befolkninga i Norge i Arbeidarparti-styrte kommunar. No bur 62 prosent i Ap-styrte kommunar. Det eg seier litt humoristisk, men med litt alvor er at ved valet i fjor fridde vi 1,5 millionar av Norges befolkning frå borgarleg styre. Det er vår ambisjon når vi går inn i ein stortingsvalkamp at 5 millionar skal bu i eit Ap-styrt Norge, seier Stenseng.

Se video fra landskonferansen

I Dagens Næringsliv sitt partibarometer på fredag får Ap 38,4 prosent. Saman med dei tidlegare samarbeidspartia SV og Sp har dei rødgrønne no 50,2 prosent og ville fått 91 stortingsplassar og klart fleirtal.

Slik vil NHO øke lønnsforskjellene

– LO avgjerande for ny regjering

Under landskonferansen erklærte mange av talarane støtte til Ap og valkampen for ei ny regjering. Samtidig blei Arbeidarpartiet utfordra på EU-spørsmål og kva partiet vil gjere konkret for å reversere blant anna konkuranseutsettinga av fleire togstrekningar.

Stenseng og Ap seier dette om LO sin rolle i valkampen:

– LO og samarbeidet med fagbevegelsen er avgjerande for Ap. Vi er einige om mykje, det er også saker ein ikkje er einige om. Det viktigaste er at vi ser at Norge går i feil retning. Ikkje minst i kampen mot arbeidsløyse. For å styrke Arbeidsmiljølova og arbeidstakarane sine rettar. Alt det som ligg i den norske modellen. Det er godt trepart-samarbeid, koordinert lønsdanning, høg sysselsetting og likestilling. Veldig mykje av det går i feil retning. Her står vi saman med fagbevegelsen for å mobilisere for ei ny retning. Eit tett samarbeid med fagbevegelsen har alltid vore avgjerand for Arbeidarpartiet for å gjere gode val.

Blei utfordra

– Du blei utfordra frå talarstolen om blant anna kor mykje Ap vil stoppe konkret av privatiseringa av jarnbanen. Kva kan du seie om det?

Over 100 millioner til konsulenter når jernbanen blir privatisert

Her er Frp-statsrådens nye tog-selskaper

– Vi er tydelige på at vi er mot privatisering av jarnbanen. Vi ser at oppsplitting av jarnbanen ikkje fører til bedre tilbod for passasjerane. Privatisering går også ut over løna og arbeidsvilkåra. Regjeringa jobbar i hastig tempo for å stykke opp og legge strekninger ut på anbod. Vi må sjå på det når vi kjem i regjering og kor langt prosessen har kome. Det som har blitt lagt ut på anbod, konkurranseutsett og der kontrakter er i gang, der har ein ikkje alltid handlingsrom for å gjere så mykje.

Pensjonsbombe kan knekke NSB. Men regjeringen vil ikke love å redde selskapet

Trur ikkje på EØS i valkampen

– Frå talarstolen blei det det peika på utfordringar som sosial dumping og svart arbeid som følge av arbeidsinnvandring frå EØS-land. Ap blei oppfordra om å stenge døra til EU, kva seier du til det?

– Det er ikkje noko stor EU-debatt i Norge i dag. Det er ikkje noko spørsmål om EU-medlemskap. Eg har sagt at eg meiner EØS-avtalen har tent Norge godt. Eg meiner vi må behalde EØS-avtalen slik at norske bedrifter får tilgang til den marknaden. Det er viktig for Norge som eksportland, seier Stenseng og legg til:

– Denne valkampen vil nok heller dreie seg om at ein ser arbeidstakarorganisasjonar som er uroa på vegne av sine medlemmar. Ein ser auka forskjellar og ei regjering som gjev mest til dei som har frå før.

Ansatte i departementene må rydde pulten hver dag i det nye regjeringskvartalet

– Treng inga frigjering

Stortingspolitikar og skattepolitisk talsperson for Høgre, Heidi Nordby Lunde, er ikkje heilt enig i frigjeringsanalysa til Stenseng:

– Det er ikkje noko som tydar på at norske kommunar treng frigjering, tvert imot. Denne regjeringa har vist tillit til kommunane ved å gje dei fleire oppgåver og større økonomisk handlingsrom. Sjølv med endringar i oppgåver og kostnadsvekst har realinntektene auka under denne regjeringa. Realveksten i kommunane var 1,4 prosent under dei rødgrønne og den har vore 1,9 under denne regjeringa, seier Nordy Lunde.

Jonas Gahr Støre signaliserte nylig at om Ap kjem i regjering er kommunereforma til Jan Tore Sanner og Høgre er død. Nordby Lunde meiner dette vil vere ein dårleg idè og kan føre til mindre velferd:

– Høgre meiner kommunane er avgjerande for gode velferdstenester og sterke og trygge lokalsamfunn. Kommunestrukturen i dag skaper store forskjellar. Over tid kan det utvikle seg eit helsepolitiske klasseskille om vi ikkje greier å skape sterke fagmiljø som kan sikre folk god hjelp der dei bur. Dårleg organisering går også ut over dei tilsette. Betre organisering av tenestene, meir robuste kommunar, gjev høgare trivsel og lågare sjukefråver.

Nå er det ikke lenger lov å tvinge 67-åringer til å slutte på jobben

Hjelp, jeg har fått advarsel fra sjefen

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse