Statsbudsjettet 2017:
140 millionar mindre til NAV
Samtidig som Norge har rekordhøg arbeidsløyse vil regjeringa kutte 140 millionar i NAV. – Ubegripelig, seier leiar i NTL NAV.
PARADOKSALT KUTT: Leiar av NTL NAV, Hanne Nordhaug, meiner det blir feil med 56 millionar kroner mindre til NAV i ein periode med høgaste arbeidslause sidan 1996.
Ole Palmstrøm
oystein.windstad@lomedia.no
I dag er nesten 140.000 arbeidsledige, det høgaste talet på nordmenn utan jobb sidan 1996.
Samtidig som rundt 5 prosent står utan arbeid, foreslår regjeringa å kutte 140 millionar kroner til NAV. 56 millionar er ein del av det generelle kuttet på 0,5 prosent som er foreslått innspart hos alle offentlege etatar. Leiar av NTL NAV, Hanne Nordhaug, fortel kuttet vil føre til ferre tilsette i NAV:
– Eg kan ikkje forstå at regjeringa ønskar ferre tilsette i NAV til å bistå folk ut i arbeid, når så mange står utanfor arbeidslivet. Dette kuttet fører til ferre tilsette som svarar på telefonar, det blir lengre ventetider og dårlegare tenester, fortel Nordhaug i NTL NAV.
Meiner regjeringa må ta politisk ansvar
Nordhaug meiner at NAV burde vore skåna for kutta på 0,5 prosent grunna dei rekordhøge ledigheitstala:
– Dette er eit ostehøvel-kutt som kuttar over alt. Eg syns det er merkeleg at regjeringa meiner det er like stort behov for kutt alle stadar. Regjeringa bør ta politisk ansvar å sjå på kor ein bør kutte, og ikkje. Ein har høg ordinær ledighet, fleire unge som fell utanfor og andre grupper som treng ekstra bistand for å kome i aktivitet og jobb. Det harmonerer ikkje med at regjeringa meiner det skal kuttast i talet på folk som jobbar med dette, seier leiaren av NTL NAV. I tillegg til 56 millionar mindre til NAV, blir det også 84 millionar kroner i eit digitaliseringskutt.
NAV får fleire i arbeid
Dei siste åra har det vore sett på korleis ein kan få folk raskast og best inn i arbeidslivet. Det har vore forska på kva som har best resultat: Om NAV skal følge opp og hjelpe arbeidssøkarar over i arbeid, eller om desse oppdraga skal leggast ut på anbod. Resultata frå studiet om arbeidsmarkedstiltak har vist suksess for NAV:
– NAV får i det nye budsjettet moglegheit til å fortsette og utvide ordninga med arbeidsmarkedstiltak. Vi har hatt eit forsøksprosjekt der vi kunne omdisponere 40 millionar til dette. No får vi muligheiten til å omdisponere 100 nye millionar kroner til dette. Det har fungert veldig godt at NAV følger opp brukarane sjølve istadan for at det med avklaring og oppfølging blir satt ut på anbod, fortel Nordhaug.
På same tid som NAV får 140 millionar mindre, får dei nye oppgåver. Blant anna skal dei følge tettare opp dei under 30 som mottek sosialstønad. Dette kjem som følge av aktivitetsplikta for dei under 30. Til dette får NAV 20 millionar kroner. NAV skal gje yrkesveiledning til asylsøkarar på mottak, og til denne nye oppgåva er det satt av 10 millionar kroner. Det er også satt av 13 millionar kroner for såkalla hurtigspor for flyktningar, dette skal hjelpe dei som har krav på opphald raskt ut i arbeid eller skule.