– Uvanleg lovarbeid av regjeringa
Forskrifta til Lov om statens ansatte er sendt på høyring før sjølve lova er vedteke
Professor Eivind Smith meiner regjeringa gjer eit uvanleg grep rundt innføringa av Lov om statens ansatte.
LOVARBEID: Lova om statens tilsette skal vedtakast i Stortinget. Forskrifta til lova er sendt på høyring, før lova er vedteken.
Bjørn A. Grimstad
oystein.windstad@lomedia.no
Det kan gå mot ekspressfart i innføringa av det som skal bli den nye tenestemannslova, Lov om statens ansatte. Regjeringa har sendt forskrifta til lova ut på høyring før sjølve lova er vedteke:
– Eg trur ikkje det er vanleg. Det har nok samanheng med at regjeringa i dette tilfellet ønskar den nye lova ikraftsatt nokså raskt. På denne måten går regjeringa fram raskare enn det som ofte er tilfelle med lovgjeving, fortel Eivind Smith som er professor ved Universitetet i Oslo og styreleiar i Institutt for samfunnsforskning.
• Sjekk her kva yrker som tener mest i Norge
Uvanleg og lovleg
Det er venta at Høgre og Frp vil sikre fleirtal for den nye lova med støtte frå Venstre. Professor Smith seier at framgangsmåten under ein del føresetnader er lovleg:
– Sjølv om at det er uvanleg at høyringa skjer før lova, treng det ikkje å vere ulovleg. Men føresetnaden er at forskifta held seg innanfor ikkje berre lovforslaget, men også det som måtte bli vedteke på Stortinget, om det skulle skje endringar der, fortel professoren.
Les mer
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.