JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NTL Ung og Industri Energi i duell

Kvessa argumenta før oljeslaget på LO-kongressen

Spørsmålet om oljeboring i nord blir hett på LO-kongressen. På NTL Ung-konferansen møttest to av forbunda som er mest ueinige ansikt til ansikt.
STRIDENS KJERNE: Konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja er venta å bli ein av dei store debattane på LO-kongressen som startar 8. mai. Her er ytterpunkta i spørsmålet saman i debatt og opptakt til kongressen. 1. nestleiar i NTL, Kjersti Barsok, tok til orde for eit statleg styrt grønt skifte. Frode Alfheim, nestleiar i Industri Energi, påpeikar at fortsatt oljeaktivitet vil gje staten store inntekter til velferd.

STRIDENS KJERNE: Konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja er venta å bli ein av dei store debattane på LO-kongressen som startar 8. mai. Her er ytterpunkta i spørsmålet saman i debatt og opptakt til kongressen. 1. nestleiar i NTL, Kjersti Barsok, tok til orde for eit statleg styrt grønt skifte. Frode Alfheim, nestleiar i Industri Energi, påpeikar at fortsatt oljeaktivitet vil gje staten store inntekter til velferd.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

NTL Ung skal velge nytt styre og ny politikk. Når det gjeld oljeboring i nord, ligg dei an til å gå for ei formulering om at «Berre varig vern er godt nok» om havområda i Lofoten, Vesterålen og Senja til sitt program.

Samtidig som dei er blant dei mest tydelige i fagrøyrsla for varig vern, inviterte NTL Ung eit av forbunda som kjempar hardast for konsekvensutrgreiing: Industri Energi og han som etter alle solemerke tar over som forbundsleiar: Frode Alfheim.

Debatten gjev ein peikepinne på korleis LO kan takle det store og vanskelege spørsmål på sin kongress i mai.

Sjekk kva yrkesgruppe som tener mest

– Du må nok vente litt

Alfheim som representerer olje- og gass-intereressene i LO møtte nestleiar i NTL, Kjersti Barsok, til debatt. Debatten blei eit oppspel for diskusjonane som vil kome på LO-kongressen.

– Du må nok vente litt, sa Alfheim frå scena til Barsok som tok til orde for eit hurtigt grønt skifte, der staten har minst ei hand på rattet.

– Klimaet kan ikkje vente, kvitterte Barsok raskt tilbake.

Essensen i debatten på Sundvolden og NTL Ung-konferansen kan oppsumerast slik:

Industri Energi påpeikar at ikkje noko anna enn olje og gass kan skaffe staten dei inntektene som ein treng for å oppretthalde velferdsstaten. Det er viktig med framleis satsing på olje og gass for framtidig verdiskapning, men også for at Norge skal utvikle ny teknologi som kan bidra til det grøne skiftet.

Som motargument viste NTL og Barsok til dei alvorlege problema som menneskeskapt oppvarming fører til, at fisk kan vere ein evigvarande ressurs og at dei industrialiserte landa som forureinar mest har det største ansvaret for å få på plass eit grønt skifte.

Dei unge med utstrakt hand

Oljeboring kan bli ein opprivande debatt for LO, men det kan også bli stridsspørsmålet der partane finn saman gjennom dialog, innsikt og kompromiss. Både NTL Ung og Industri Energi Ung jobbar no for at det er nettopp det siste som skal skje. Det gjer dei ved å invitere kvarandre til løvens hule, Industri Energi på årsmøtet til NTL Ung og NTL Ung skal ut på oljeplattform. Medan oljedebatten mellom dei politiske partia er veldig forutsigbar med steile frontar som vanskeleg vil finne saman, skjer det no noko heilt anna i fagrøyrsla.

– De inviterar Industri Energi til løvens hule, korfor det?

– For å få til eit grønt skifte må vi ha dialog. Då er det viktigaste at vi møter kvarandre og snakkar saman. Eg er veldig glad for at nestleiaren både ville og turte kome til oss for å starte dialogen. Neste veke skal eg bli med Industri Energi ut på deira arbeidsplassar. Vi har no starta ein dialog, slik at vi kan finne ein veg saman slik at vi kan vere enige i LO-familien, fortel leiar av NTL Ung, Sahar Azari.

UNGE FINN SAMAN: NTL Ung og Industri Energi Ung samarbeider tett, trass i at dei er diametralt ueinige om det skal åpnast for oljeutvinning i Lofoten. Leiar av NTL Ung, Sahar Azari, håpar at ungdomsorganisasjonane sin dialog kan vise veg for LO-kongressen.

UNGE FINN SAMAN: NTL Ung og Industri Energi Ung samarbeider tett, trass i at dei er diametralt ueinige om det skal åpnast for oljeutvinning i Lofoten. Leiar av NTL Ung, Sahar Azari, håpar at ungdomsorganisasjonane sin dialog kan vise veg for LO-kongressen.

Øystein Windstad

– Finn dei beste løysingane saman

Nestleiar i Industri Energi Ung, Karl Ruben Gaasø, trur dei unge kan ha nøkkelen til å finne dei beste løysingane.

– Kva er grunnen til at du er her på møtet til dine største meiningsmostandarar?

– Vi har eit bredt samarbeid blant ungdomsbevegelsen og har hatt det før dette temaet med oljeboring kom opp. Når forbundsleiarane møtast er det veldig steile frontar og dei er veldig ueinige. Det er med at vi møtes, har respekt for dei ulike synspunkta at vi kjem fram til dei beste løysingane. Vi inviterer alltid Sahar og dei andre i offentleg sektor på vår ungdomskonferanse og vi blir invitert til dei. Det er slik vi finn dei beste løysningane for røyrsla vår, saman, fortel Gaasø.

Trur staten har nøkkelen

Frå talarstolen kom det også tydelege signal om at ein ønskar å ta hensyn til andre forbund sine arbeidsplassar:

– Vi kan ikkje ofre landsdelar eller enkelte næringar for at det grøne skiftet skal skje. Omstillinga må skje gradvis, der ein sikrar arbeidstakarane sine rettar og interesser. Omstillinga må skje med ein stat som aktivt legg til rette for det grøne skiftet og miljøvennleg teknologiutvikling, sa nestleiar i NTL, Kjersti Barsok, frå talarstolen.

Utsagnet kom med eit klart nikk til Alfheim som fryktar for at fleire av hans medlemmar skal bli arbeidsledige eller at heimfylket hans Nordland skal bli fråflytta. Azari ser frammover mot LO-kongressen og det som kan bli ein hard kamp om olje og miljø:

– Eg håpar vi ungdommen kan gå i forkant og vise at det er moglegheit for dialog, trass i at vi er veldig ueinige. Det er ein tøff kamp som kjem på LO-kongressen, men det første steget er å prate saman og vise kvarandre veg.

Les mer:

Ap vil verne delar av Lofoten
Trur kompromiss i Ap vil kome også i LO
Forbundsledere avblåser oljestrid på LO-kongressen

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse