JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Regjeringa ønskar å sparke 1400 i Forsvaret

– Dei fortset privatiseringslinja og lojale medarbeidarar må forvente å miste pensjonen sin, seier NTL Forsvaret.
FERRE: Regjeringa ønskar å redusere 1400 stillinger i Forsvaret, av dei blant andre 400 som jobbar med reinhald. Regjeringa ønskar å spare pengar på å konkurranseutsette service-stillinger i Forsvaret.

FERRE: Regjeringa ønskar å redusere 1400 stillinger i Forsvaret, av dei blant andre 400 som jobbar med reinhald. Regjeringa ønskar å spare pengar på å konkurranseutsette service-stillinger i Forsvaret.

Ole-Sverre Haugli/Forsvaret

oystein.windstad@lomedia.no

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er det eit mål om at 1400 stillinger skal kuttast i Forsvaret innan 2020. Det har tidligare blitt bestemt at rundt 400 som jobbar med reinhald ikkje lengre skal vere tilsette i Forsvaret og at private skal ta over desse oppgåvene.

Dette meinar NTL Forsvaret er både dårleg økonomi og dårleg behandling av tilsette:

– Regjeringa sitt ideologiske behov for konkurranseutsetting blir vidareført i budsjettet som eit politisk mål. Forsvaret sitt behov for kompetanse, fleksibilitet, sikkerheit og vurdering av totalkostnader er totalt fråverande, skriv Tom-Rune Klemetsen, leiar av NTL Forsvaret, i ei pressemelding.

Mister pensjon

Frå før har NTL peika på at det ikkje ser ut til å bli billigare for staten og skattebetalarane å leie inn eksterne til reinhald. Ein annan konsekvens er at folk som har jobba mange år i Forsvaret mistar rundt 1,5 millionar kroner i pensjon, som følge av at dei ikkje lenger blir med i Statens pensjonskasse. Av dei 400, vil rundt 135 fortsette jobben i ISS Facility Service:

– Regjeringa sitt syn på Forsvaret sine medarbeidarar kjem fram i budsjettforslaget som forbruksgjenstandar. Samtidig som det er eit mål å redusere 1400 årsverk innan 2020, skal Forsvaret knytte til seg ny kompetanse med fleire hundre årsverk. Lojale medarbeidarar må forvente oppsigelse med tap av pensjonsrettar, medan nytt personell blir henta inn, skriv Klemetsen i NTL.

Se alle våre saker om statsbudsjettet

Må utsette investeringar

Norges offisersforbund ser positive trekk ved budsjettet, men peikar også på at det framleis er planlagt kutt i drifta:

– Det er enkelte positive tiltak, men hovudbildet er at utfordringane med stram drift blir vanskeleg også neste år. Hæren blir svekka ved at påkrevde investeringer blir utsett, skriv Egil Andre Aas, forbundsleiar i Norges offisersforbund. Klemetsen i NTL Forsvaret meiner at Statsbudsjettet 2017 i realiteten betyr ein reduksjon av Heimevernet.

#Statsbudsjettet2017

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse