Kutt på 10 millionar kroner
Styret ved Institutt for energiteknikk opnar for permitteringar
NTL fryktar permitteringar ved Institutt for energiteknikk etter at styret har vedteke å kutte 10 millionar kroner.
Permitteringar er feil tiltak, seier Pål Kjærstad, hovudtillitsvalt på Kjeller
Ole Palmstrøm
oystein.windstad@lomedia.no
– Permitteringar er unødvendig og løyser ikkje hovudproblemet, seier tillitsvalt i NTL Kjeller og vararepresentant i styret Pål Kjærstad.
Institutt for energiteknikk (IFE) driv med oppdragsbasert forsking innan energi. Dei er kanskje mest kjent for sine to atomreaktorar på Kjeller og i Halden, men driv også med forsking innan olje og gass.
Nedgangen i oljesektoren har ført til mindre forskingsoppdrag i år. Måndag vedtok styret på IFE at det skal kuttast 10 millionar kroner i 2016 og at tilsette kan permitterast.
– Permitteringar vil ikkje løyse situasjonen IFE er i. Det vil berre føre til at ein nærmar seg budsjettmålet for 2016, men det vil ikkje løyse hovudproblemet. Det er at vi har for lite inntekter og for lite fokus på å jobbe med oppfølging av prosjekt, realistiske budsjett, marknadsføring og sal, seier Kjærstad.
Etterlyser nytenkning
IFE har rundt 600 tilsette og hadde rundt ein milliard i inntekt i fjor. I år har det blitt mindre inntekter enn budsjettert grunna blant anna fallet i oljesektoren.
– I år ligg det an til at vi får eit overskot på 14 millionar kroner på drifta, om ein tek med reduserte kostnader til Statens pensjonskasse. Leiinga ønsker å halde den lågare premien til Statens pensjonskasse utanom. Deira prognose for året blir då tre millionar i minus.
– Kva er det du som tillitsvalt meiner bør gjerast for å betre resultatet, sikre arbeidsplassar og vidare drift?
– Då vil eg vise til det alternative forslaget som blei lagt fram på styremøtet, der vi foreslo å lage ei plan som skal identifisere tiltak som sikrar nytenking og bidreg til inntektsauke i 2017. Plana skal ta for seg tiltak for å sikre rutiner for at budsjettering og prognoser gjev et meir påliteleg bilde av IFE sin økonomi. Eg vil også peike på at det er leiinga sitt ansvar å sikre inntekter. Det ligg an til eit moderat lønsoppgjer i år. Det er også eit bidrag til at økonomien blir betre. Vi skal i drøftingar med IFE, der me diskuterer alternative tiltak. Det er mykje ein kan gjere utan å kutte i bemanninga, seier Kjærstad.
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.