JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

WeClean vil gi forbrukeren innsikt i hvor mye renholderen tjener

– Folk bryr seg sjokkerande lite om svart arbeid

Utsagnet kjem ikkje ikkje frå LO, men frå det nye reinhaldsselskapet WeClean, som tilbyr vasketenester med mobilapp.
VIL DET SAME: Kim Christian Haagensen (tv) i WeClean og Trond Erik Thorvaldsen i Norsk Arbeidsmannsforbund seier dei begge vil ha ein reinhaldsbransje med anstendig løn, tariff og ordna forhold.

VIL DET SAME: Kim Christian Haagensen (tv) i WeClean og Trond Erik Thorvaldsen i Norsk Arbeidsmannsforbund seier dei begge vil ha ein reinhaldsbransje med anstendig løn, tariff og ordna forhold.

Ole Palmstrøm

oystein.windstad@lomedia.no may.berg@lomedia.no

Vil inntoget til delingsøkonomien og selskap som Uber føre til storstilt sosial dumping, svart arbeid og eit klassedelt arbeidsmarked?

Ein av deltakarane på LO Stat sin debatt rundt den nye digitale delingsøkonomien var det nystarta selskapet WeClean, som tilbyr vaskehjelp til heimemarkedet.

WeClean formidlar vasketenestene der kundane bestiller med mobilapp:

– Folk må bry seg. Det er overraskande og sjokkerande kor lite folk bryr seg om dei kjøper svart arbeid eller ikkje. Vi jobbar med transparans og rapportering. Vi viser kva av kostnadane som går til sosiale tiltak og vil gje forbrukarane innsikt i kor mykje reinhaldarane tener. Er ein redd for eit samfunn der det ikkje er kontroll og uryddige former, må dei som kjøper inn bry seg om meir enn berre pris, fortalte Kim Christian Haagensen i WeClean under paneldebatten.

Høgre-statsråden fekk skryt for å ha kutta konsulentbruken i NAV

Vil vise kva pengane går til

WeClean og Haagensen er ein del av dei nye digitale selskapa som er ein del av den nye samhandlingsøkonomien. Dei fortel at dei ønskar å betale skatt, syns tariffavtalar og ordna forhold er bra for alle partar.

– Kva legg du i at du er sjokkert over kor lite folk bryr seg om svart arbeid og om arbeidarane har ordna forhold?

Først vil eg seie vi er heldige og har folk som bryr seg og kundar som trur på noko større enn berre pris. Men det ein ser der ute, når ein gjer undersøkingar, er at mange ikkje bryr seg så mykje anna enn pris. Det er vår oppgåve som tilbydar å legge til rette for at kundane kan bestille med ein gong vasketenester heim til seg, i ryddige og ordna forhold.

– Du er oppteken av ordna forhold?

– Vi har lyst å vere best i klassen og vi trur at vi kan tiltrekke oss dei beste reinhaldarane om vi har dei beste og mest ordna forholda. Vi rapporterar til kundane kva kostnandane går til, kva går tilbake til bedrifta for administrasjon og kor mykje som går til reinhaldarane. Då blir det overkommeleg for kundane å betale ti kroner ekstra når ein ser at reinhaldarane får bedre betalt.

Se alle våre saker fra kartellkonferansen

Debatten om oljeboring fyrte opp tempen på Gol

Fagforening fryktar ikkje den nye økonomien

Trond Erik Thorvaldsen er kommunikasjons- og utredningsansvarleg i Norsk Arbeidsmandsforbund som blant anna organiserar reinhaldarar.

– Kva tenkjer du om den såkalla delinsøkonomien og bodskapet til selskap som WeClean?

– Vi er positive til alle som har ei konstruktiv innstilling. Eg trur at stikkordet er å få ei eller anna form for regulering av den nye økonomien. Vi har ein del effektive virkemiddel allereie. Eksempelvis har vi Arbeidstilsynets godkjenningsliste for reinhaldselskap. Vi har ein allmenngjort minstelønssats på 175 kr timen. No er spørmålet korleis ein kan gjere dette endå bedre.

– Du stiller deg open til den såkalla delingsøkonomien?

– Vi kan ikkje stikke hodet i sanden. Dette har kome for å bli. I Norge har vi ein anna form for samarbeid, takka vere den norske modellen som gjer at ein får samarbeid mellom partane som resulterer i regulerte

lønssatsar eksempelvis. Dette har ein ikkje i USA ekesmepelvis. I Norge har ein gode føresetnader for å handtere delingsøkonomien bra som gje at ein kan leve godt med det i framtida, meiner Thorvaldsen.

Gabrielsen stafestar at han er leiarkandidat for LO

Fafo har studert delingsøkonomien

Fafo har gjennom si kartlegging av delingsøkonomien, funne i underkant av 30 plattformer som formidlar tenester i form av arbeidskraft.

Men undersøkinga viser eit førebels bilde, som skiftar fort. Delingsøkonomien er marginal i Norge i dag, men mykje tyder på at den er i vekst, ifølge Kristin Jesnes i Fafo.

Ifølge forskingstiftinga sine undersøkjingar, svarar om lag 10 prosent av befolkninga at dei i løpet av dei siste åra har jobba via delingsplattformer.

Delingsøkonomien utfordar lover og avtaleverk ved at det er vanskeleg å avgjøre om dei som er sysselsatt her er arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande.

Fafo konkluderer med at det er vanskeleg å slå fast kva status dei har.

Kartleggingaen som Fafo har gjort viser at ein del av tilbyderne ikke snakker norsk eller har oppholdstillatelse i Norge.

– Det kan føre til en vidare todeling av arbeidsmarknaden, seier Jesnes.

Motargumenta er at delingsøkonomien kan være ei bru inn i arbeidslivet for marginaliserte grupper.

– Spørsmålet er kor brua fører hen, til korte oppdrag med usikre inntekter, eller meir stabile relasjonar, seier Jesnes.

Regjeringa har sett ned eit utvalg som skal sjå nærare på delingsøkonomi, som skal komme med sin rapport i 2017.

Dette er en sak fra

Vi skriver om og for arbeidsfolk i blant annet anlegg, vakt, renhold, asfalt og bergverk.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse