JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Statens Naturoppsyn

I skogen etter ulv

Medan folk kuttar opp bildekk og demonstrerer i raseri mot ulv, ­leitar Erik Ola Helstad fra Statens naturoppsyn tolmodig etter ulvane han skal bedøve, merke og sette fri igjen.
2017031010190020170426164659

oystein.windstad@lomedia.no

ole@lomedia.no

Ein vanleg dag på jobben for naturoppsyn Erik Ola Helstad og kollegaene hans består i å spore opp ville ulvar, radiomerke dei og passe på når rovdyra vaknar opp og ravar rundt som om dei var svært fulle.

– Eg trur vi må ha verdas beste kontor og eg ville ikkje ha bytta det med noko, fortel oppsynsmannen.

Han ser ut over skogane. Himmelen er blå, det knirkar under skoa når du går og snøen dekker den djupe barskogen ein stad nord for Rena. Det einaste du høyrer er stillheit og ro. Snart vil stillheita vere bytta ut med lyden av rotorblad og spraking av radiosamtalar. Ferske spor i snøen viser at vi er få minutt unna fem ulvar som gøymer seg ein stad mindre enn ein kilometer unna inne blant dei snødekka trea.

{f4}

Sindig i stormen

NTL-medlem Erik Ola Helstad og kolleagaene havna plutseleg midt i stormens auge då ulvedebatten eksploderte. Det har vore demonstrasjonar foran Stortinget og folk har meldt seg ut av parti i protest.

Meiningane og følelsane er mange når det kjem til ulv. Det får også dei som jobbar i forvaltninga merke. Medan LO Media var med Statens naturoppsyn på reportasjetur, fekk kollegaer ein annan stad på Austlandet som også jobba med radiomerking av ulv, dekka på bilen kutta opp.

Helstad og arbeidskammeratane tek debatten med fatning:

– Ein skal aldri ta lett på at folk er bekymra. Det må ein høyre på og prøve å forstå. Samtidig må ein kommunisere litt ut at det kanskje ikkje er så farleg som nokon kan gje uttrykk for. At nokon føler ubehag, det må ein ta med seg i debatten.

– Den eine dagen passar de på ulvane, ved eit anna høve avlivar de ulvar, kva tenkjer du om jobben din?

– Det er stor kontrast i arbeidskvardagen vår og i rovdyrfeltet. Vi jobbar med alt frå å forebygge faunakriminalitet, til bestandsregistrering, radiomerking og i enkelte tilfeller felling. Spennet er stort og det er ein av grunnane til at vi ikkje kan tillate oss å ha veldig sterke følelsar i ei eller anna retning. Og langt mindre forfekte noko meining utad, det ville vore ukledeleg for vår stilling.

– Eg vil ikkje bytte ut dette kontoret med noko i verda, sier Erik Ola Helstad

– Eg vil ikkje bytte ut dette kontoret med noko i verda, sier Erik Ola Helstad

Ole Palmstrøm

Blod og ulvespor

Oppdraget denne gongen er å spore opp ulvar, bedøve dei og sette på dei radiohalsband. At ulvane er nære, blir veldig tydeleg. Rundt 30 meter frå riksvegen ligg ein nesten vaksen elgokse inne mellom trea:

– Den eine ulven har truleg bite i låret, og den andre har truleg gått i strupen på elgen, fortel Erling Ness, rovviltkontakt i Statens naturoppsyn.

Mellom trestammane ligg ein nesten fullvaksen elgokse. Elgen er stort sett inntakt:

– Fordi vi er så nær vegen og der folk ferdast, har ulvane blitt redde og har ikkje ete noko serleg. Dei er veldig sky og redde folk, fortel Ness.

At han ikkje er redd og ulvane er sky, viser Ness seinare, når han spenner på seg truger og går etter dei heilt ferske spora til ein ulveflokk.

https://www.youtube.com/watch?v=vLCjNswpHzg

Overvåkar ulvane

Det er mellom 60 og 85 ulvar i Norge. Talet varierer ettersom mange vandrar fram og tilbake mellom dei norske og svenske skogane.

Etter mykje kjøyring langs skogen har Helstad, Ness og dei andre kollegaene eit klart bilde av kor ulvane er.

Ein jamn dur som blir stadig høgare skjer igjennom stillheita i skogane. Snart heng eit helikopter over hovudet på Helstad, og han vinkar det i retning av ulvane.

Etter at regjeringa sette ned foten for å skyte 35 ulvar, blei det sett av ekstra pengar til radiomerking for å kunne vite meir om kor ulvane er og kva dei gjer.

Medan Helstad ventar på at helikopteret skal finne ulven, deler han av sine erfaringar med rovdyret.

– Kva tenkjer du om ulvens natur, har folk noko å frykte frå ulven?

– Folk har veldig lite å frykte. Det vi ser er at det er ein del hundar som blir tekne av ulv. Det er nok spesielt den biten som gjer at folk som bur her har ei viss frykt og at dei er redd for hundane, fortel naturoppsynet.

Tal frå Norges jeger og- fiskerfobund viser at sidan 1995 har ulven drept 126 jakthundar.

– Kor stor er risikoen for at folk kan bli angripne av ulv?

– Eg trur den risikoen er veldig liten, slik eg kjenner ulven. På den andre sida veit ein at det er eit stort dyr som har kapasitet til å ta folk om den bestemmer seg for det. I frå å ha denne kapsiteten til å faktisk gjere det, det trur eg er eit langt steg.

SOVER: Ulvetispa har fått på seg radiohalsband og kjem snart til å vakne opp

SOVER: Ulvetispa har fått på seg radiohalsband og kjem snart til å vakne opp

Statens Naturoppsyn

Barnevakt

Ulvane er ikkje langt unna frå der vi står, kanskje berre nokre hundre meter. Men, dei gøymer seg i tett skog og dei greier å lure seg unna både bedøvelsepil og radiohalsband. Så langt i år har Helstad og kollegaene i Statens naturoppsyn radiomerka 14 ulvar. Han viser ein video frå arbeidet. Ulvane blir frakta med helikopter, merka, sjekka av forskarar, vegd og målt. Etter dette startar barnevakt-jobben til Helstad:

– Vi sit ved sidan av ulvane medan dei vaknar, dei er veldig ustødige og skjønar absolutt ingen ting. Jobben vår er å site her medan dei er stødige nok til å klare seg sjølve.

– Ulvane ser veldig groggy ut?

– Dei er det ein på godt norsk kallar fyllesjuke. Dei veit ikkje opp eller ned på verda. Dei sansar oss, men greier ikkje å ta seg vekk ifrå oss før det har gått ei tid. Etter eit par timar er dei i fin form igjen. Vi kallar oss sjøve barnevakter i denne prosessen. Vi ser etter at dei ikkje havnar i bekkar og druknar eller går mot vegar der dei kan bli påkjørte.

– Men heilt ærleg, du står der når ein vill ulv vaknar, blir du ikkje litt redd?

– Vi er ikkje det. Dei er ikkje i stand til å gjere oss noko. Dei er aller mest redde. Reint medisinsk er dei ute av stand til å gjere noko som helst. Dei må bruke energien på å vakne opp og så er det full fart for å kome seg vekk. Aggresjon har vi aldri sett.

– Du er avslappa på jobben?

– Ja i desse samahengane er vi veldig avslappa, fortel den sindige hedmarkingen.

Det blei ikkje merking denne dagen, men rikeleg med sol, blå himmel og frisk Østerdalsluft, men så snart det kjem meir snø blir det ei ny runde med nærkontakt og å vere barnevakt for dei ville ulvane.

Flere saker:

De skal varsle tsunamien når Jettan raser i fjorden
Stopper ut både mus og moskus
Se Trondheim fra toppen av Nidarosdomen

GRANSKER SPOR: Erik Ola Helstad, naturforvalter i Statens Naturoppsyn, gransker spor i nysnøen i veikanten for se om det er ulven som har traska over veien. Men denne gangen var det en rev som hadde vært ute på tur.

GRANSKER SPOR: Erik Ola Helstad, naturforvalter i Statens Naturoppsyn, gransker spor i nysnøen i veikanten for se om det er ulven som har traska over veien. Men denne gangen var det en rev som hadde vært ute på tur.

Ole Palmstrøm

Statens naturoppsyn

• Ivaretar nasjonale miljøverdiar og ­førebyggjer miljø­kriminalitet.

• Driv kontroll, over­våking, informasjon, naturrettleiing og skjøtsel.

• Er ein del av Miljø­direktoratet.

• Har hovudkontor i Trondheim, og meir enn 60 lokalkontor i heile landet.

Kjelde: Statens naturoppsyn