JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Einige om målet, men ueinige om vegen

Lokførar-forslaget frå SV og Sp får ikkje støtte frå Ap

Dei tre partia er einige om målet om nasjonal standard for lokførarlappen, men ikkje om vegen dit. Ap signaliserar at dei truleg ikkje vil støtte stortingsforslag frå SV og Sp.
STREIKEN OVER: Lokførarane streika fordi dei ville sikre at myndigheitene ville kreve ein nasjonal standard for å få lokførarsertifikat. SV og Sp har kome med forslag på Stortinget om dette. Ap er einige med dei, men vil truleg ikkje støtte forslaget.

STREIKEN OVER: Lokførarane streika fordi dei ville sikre at myndigheitene ville kreve ein nasjonal standard for å få lokførarsertifikat. SV og Sp har kome med forslag på Stortinget om dette. Ap er einige med dei, men vil truleg ikkje støtte forslaget.

Ole Palmstrøm

oystein.windstad@lomedia.no

Etter møte med fagforeninga til lokførarane kjem Senterpartiet og SV med eit forslag som skal sikre at det blir ein nasjonal standard for lokførarutdanning. Ein av dei fire som står bak forslaget er Per Olaf Lundteigen. Før og under togstreiken samarbeida han tett med Norsk lokomotivmannsforbund og utarbeida forslaget som han meiner vil tvinge regjeringa til å vere heilt konkret:

– Eg vil så klart fjerne all tvil. Eg er mot alt byråkrati og det krev at ein har klinkande klare regler som gjer at det ikkje er tvil. Det er tvil som skaper byråkrati og uryddige forhold i arbeidslivet. Streiken blei avslutta ved at førarforskriften skulle tydeleggjerast og der tek Sp og SV eit initiativ for å rydde opp. Det er dei folkevalde som skal avklare dette og vi får sjå kva parti som er på kva side. Det blir veldig spanande å sjå kor Ap vil lande, seier Lundteigen.

Regjeringa har no sett i gang ei høringsrunde og Lundteigen seier han vil sikre at ikkje vage formuleringar eller anna skal kunne rokke ved det partane blei einige om under togstreiken.

KREV SOLID LOKFØRARUTDANNING: Per Olav Lundteigen og Senterpartiet har gått saman med SV om eit stortingsforslag som skal sikre nasjonal standard og krav for å få lokførarsertifikat. Det ligg an til at han vil nå målet, dog kanskje på ein litt annan veg enn foreslått.

KREV SOLID LOKFØRARUTDANNING: Per Olav Lundteigen og Senterpartiet har gått saman med SV om eit stortingsforslag som skal sikre nasjonal standard og krav for å få lokførarsertifikat. Det ligg an til at han vil nå målet, dog kanskje på ein litt annan veg enn foreslått.

Stortinget

• Regjeringa vil ha innspel på ny lokførarutdanning

Ap vil det same men støttar ikkje

Eirik Sivertsen er nestleiar i transportkommiteen på Stortinget og er transportpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Han fortel at Ap er einige om intensjonen til SV og Sp:

– Vi vil det same og har litt andre måtar å gå fram på. Vi meiner det er natruleg å ta dette i samband med ei sak som allereie ligg til behandling i stadan for å fremme det som eit eige dokumentforslag.

– Har de teke stilling til forslaget til SV og Sp?

– Det har vi ikkje. Vi meiner det er naturleg å behandle denne saka som er ute til høyring no. Vi kjem til å be regjeringa kome tilbake til Stortinget med eit opplegg for nasjonal sertifiseringsordning. Eg trur vi er einige med Sp og SV om intensjonen at det er nasjonale myndigheiter som skal fastsette minimumskrav for kva du må kunne for å kjøre tog på norsk jarnbane. På same måte som ein stiller krav til sertifikat for buss og fly. Det meiner vi er rimeleg å ha også på jarnbane, seier Sivertsen i Ap.

Fagforbund spår fleire togkonflikter

SV og Sp med konkrete krav til lokførarutdanning

Desse landa er best på jarnbane

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse