JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fekk løn som fortent

Fire veker med dagsing måtte til før dei tilsette ved flymotorverkstaden Pratt & Whitney på Sola fekk lønsauke.

has@lomedia.no

I slutten av november vart det brot i lønsforhandlingane. Dei tilsette svarte med å dagse. 23. desember fekk dei endeleg gjennomslag for krava: 5 prosent auke i 2010, og i år får dei 1,7 prosent oppå Statistisk sentralbyrå sine tal for lønsvekst.

Ufine metodar

Men løysinga kom ikkje utan kamp: Klubben ved Pratt & Whitney seier dei vart forbanna på leiinga som prøvde å gjere dagsinga mindre effektiv med ufine metodar. Bedrifta truga med å ta inn personell frå Tyrkia og Shanghai som kunne erstatta arbeidarar som gjekk sakte.

– Blekket i protokollen hadde ikkje eingong tørka, før bedrifta ba om drøftingsmøte fordi dei ville at 10-20 tilsette skulle jobbe overtid i helga, seier nestleiar i klubben, Jostein Anda, i siste utgåve av Magasinet for fagorganiserte.

Klubben såg ikkje at det var nødvendig med overtidsarbeid, og ingen tilsette sa ja til å jobbe overtid. Leiarar svarte med å kalle inn ein og ein til kontoret. Her fekk dei spørsmål om kvifor dei ikkje kunne jobbe overtid, og om kva for ein dag det kunne passe dei å jobbe overtid.

– Problemet er at leiinga har ei haldning som gjer at dei ser på oss som deira eigedom. Dei trur dei kan skalte og valte med oss slik det høver dei frå morgon til kveld, seier Anda.

Dumme?

Før Braathens selde verkstaden til Pratt & Whitney i 2000, var det ein god arbeidsplass med løn som låg på snittet for området. No ligg snittløna for ein fagarbeidar på 196 kroner, mens snittet for bransjen ligg på 246 kroner. Bilmekanikarar i Stavangerområdet tener rundt 215 kroner i timen.

– Då vi la fram desse tala for leiinga, fekk vi beskjed om at vi måtte vere dumme som i det heile teke jobba her når løna var så mykje betre andre stader, seier klubbleder Svein Martin Pettersen.

Ei krone

Dei tilsette krevde fem prosent lønsauke, slik at dei kunne hente inn etterslepet frå føregåande år. I 2009 fekk dei berre det sentrale tillegget på ei krone. Årsak: Ein motor vart øydelagd under reparasjon. Leiinga ba klubben om å vere moderate i lønskravet, sidan uhellet kosta fabrikken mange millionar.

– Leiinga takka for at vi gjekk med på å berre ta det sentrale tillegget, og sa at dei ville huske dette dersom det vart mogleg å forbetre lønsforholda på eit seinare tidspunkt, seier Tor Inge Rettedal i klubbstyret.

Under dagsinga møtte dei på jobb til vanleg tid, men produsererte berre 80 prosent til 80 prosent løn. Dei første 1,5 timane drakk dei kaffi og småprata. Fleire medlemmer

– Klubben fekk mange nye medlemmer før dei gjekk ut i dagsing. Dei kom frå andre klubbar på huset, som ville vere med på å gjere dagsinga meir effektiv ved å melde seg inn, seier Pettersen.

– Etter berre nokre dagar vart det leigd inn personale på lageret. Då klubben ville ha drøftingar om dette, vart vi gjorde til latter. Vi vart møtt med om vi ville ha drøftingar kvar gong det skulle bytast ei lyspære, seier Pettersen.

Amerikansk kultur

Tvisteprotokollar har det vorte mange av dei siste månadane. Klubbstyret fortel at dei måtte arbeide mest fulltid for å rydde opp i alle tåpelegheitene som leiinga stelte i stand.

– Dei prøvde heile tida å bryte alle reglane i den svarte boka, seier klubbleiaren, som meiner dei amerikanske eigarane manglar forståing for norsk arbeidskultur. Heilt sidan Pratt & Whitney tok over verkstaden i 2000 har den gått med raude tal på botnlinja.

– Dette vert brukt mot oss i alle lønsforhandlingar. Her demonterer vi flymotorar, men fortenesta ligg i at vi produserer arbeid til andre delar av konsernet som reparerer delar. Så det at verksemda går med raude tal her på Sola , er eit dårleg argument, meiner klubbstyret.

Og at dei fortener løna si, er det liten tvil om: Dei siste tre åra har dei vorte 39 færre flyfagarbeidarar på golvet, utan at det har gått ut over produktiviteten.

Leiinga ved Pratt & Whitney ville ikkje kommentere saka.

Gå sakte-aksjon/dagsing er ei nedsetting av arbeidstempoet med forholdsmessig lønsreduksjon.

Dette er et arbeidskampmiddel som er i fire av overeinskomstane:

Dette er et arbeidskampmiddel som er i fire av overeinskomstane: Verkstad (LENKE: sjå 7.2.8 i Industriovereinskomsten) Bil (LENKE: sjå punkt 5 under paragraf 1.7 i overeinskomsten) AMB (LENKE: attføringsbedrifter, sjå punkt 4.2.3 i overeinskomsten) Fly (LENKE: sjå punkt 4.3.3 i overeinskomsten).

I fly tillet 20 prosent nedsetting av tempo med tilsvarande nedsetting av løn, mens dei to andre har 45 prosent.

Annonse
Annonse

Gå sakte-aksjon/dagsing er ei nedsetting av arbeidstempoet med forholdsmessig lønsreduksjon.

Dette er et arbeidskampmiddel som er i fire av overeinskomstane:

Dette er et arbeidskampmiddel som er i fire av overeinskomstane: Verkstad (LENKE: sjå 7.2.8 i Industriovereinskomsten) Bil (LENKE: sjå punkt 5 under paragraf 1.7 i overeinskomsten) AMB (LENKE: attføringsbedrifter, sjå punkt 4.2.3 i overeinskomsten) Fly (LENKE: sjå punkt 4.3.3 i overeinskomsten).

I fly tillet 20 prosent nedsetting av tempo med tilsvarande nedsetting av løn, mens dei to andre har 45 prosent.