JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ber Johnsen om stramt budsjett

Fellesforbundet har sendt brev til finansminister Sigbjørn Johnsen med oppmoding til styresmaktene om å halde statsbudsjettet stramt neste år.

sian.ohara@lomedia.no

I innspelet frå Fellesforbundet heiter det at fleire sektorar slit med mein etter finanskrisa, og dei vil at Regjeringa held fram med eller fylgjer opp tiltak som vart iverksett etter den økonomiske krisa. Svak ordretilgang i kombinasjon med proteksjonistisk politikk i ymse land - saman med risikoen for høg rente og sterk valutakurs i Noreg - krev eit stramt budsjett, meiner Fellesforbundet.

Vekst er mogleg

Fellesforbundet konstaterer at tiltaka for industrien har verka, og at det finst eit godt grunnlag for å rekne med vekst dersom 2011-tiltaka for verftsindustrien vidareførast i 2012. Av same grunn er ein forsterka FoU-innsats etterlyst for å utvikle konkurransekrafta. Byggjenæringa treng ikkje ekstratiltak, utanom eit generelt lyft for kvaliteten og kompetansen, medan Fellesforbundet ynskjer at tiltaka for hotell- og reiseliv varer ved inn i 2012.

Fellesforbundet åtvarar om den ekspanderande bruken av vikarar - ikkje berre innafor byggjebransjen, industrien, hotell- og reiselivbransjen, men óg i offentleg sektor. Dei fryktar at denne måten å skaffe arbeidskraft på, truar evna til å byggje langsiktig kompetanse og konkurransekraft i næringslivet.

Regjeringa får ros for i større grad å gjere det lettare for utsette grupper å kome seg i arbeid, men samstundes presiserast det at arbeidsmarknadsinnsatsen må aukast i neste budsjett.

Krev forbetringar for svake grupper

Regjeringa hadde eit tak på 51.900 personar med nedsett arbeidsevne som får gå på tiltak, medan det faktiske talet mot slutten av 2010 var nærare 61.500. Dermed må over 10 000 personar vente på tiltak. Fellesforbundet etterlyser meir satsing på desse gruppene, og dessutan på tiltaka retta mot personar som tek imot arbeidsavklaringspengar, sidan dei utgjer ei veksande gruppe. Talet på personar med nedsett arbeidsevne var mot slutten av 2010 heile 216 347 personar, og Fellesforbundet meiner at ytterlegare styrking av dei allereie etablerte tiltaka må til.

Fellesforbundet har lenge meint at vilkåra for arbeidsledige er for dårlege, mellom anna fordi ventetida for dagpengar er for lang. Fellesforbundet ynskjer ventetida bort, og vil få dagpengesatsen heva.

Vidare er det mangel på læreplassar, samstundes som for få elevar gjennomfører vidaregåande skule. Arbeidsgjevarar erfarer at lærlingar både kostar og smakar, og tidspunktet for når dei forvandlar seg frå utgift til eit verdifullt innslag varierer frå bransje til bransje. Fellesforbundet ynskjer tiltak for å redusere skilnadane. I tillegg vil dei at Husbanken skal styrkjast for å lette børa for ungdom som vil kjøpe seg tak over hovudet.

Ynskjer større offentleg satsing

Verfta fekk det betre i 2010, men framleis er situasjonen vanskeleg. Fellesforbundet vil at Regjeringa legg opp til og stimulerer ein offentleg innkjøpspolitikk. Det same gjeld for leverandørindustrien som baserar seg på norsk offshorevirke. Sidan dei store funna på norsk sokkel har mangla den siste tida, ynskjer Fellesforbundet at Staten kjem på banen med ei vesentleg auke i offentlege middel. Dei statlege FoU-midlane er foreslått auka til 600 millionar per år dei neste fire åra.

Miljøteknologiordningane opplever ein brems på grunn av trong økonomi i tilskotsordningane. I same skriv blir ein ny og samlande bygningspolitikk etterlyst, mellom anna med tanke på energisparing. Nye byggjemetodar krev ny kompetanse.

Skilnaden på meirverdiavgift for mat som takast med og mat som fortærast der han kjøpast, vil Fellesforbundet ha jamna ut. Mellom anna fordi bensinstasjonane - som ikkje sel mat som harmoniserer med dei statlege råda for sunt kosthald - i praksis blir subsidiert, medan veikroer med sunn mat driv dyrare butikk.

Vidare vil dei ha turistskatt som kan byggej under fleire heilårsarbeidsplassar, og fortsatt omlegging av bilavgifta. Fellesforbundet vil helst sjå at andre sektorar tek meir av børa, for å unngå at industrien vert pålagt tiltak som ikkje er naudsynte. Fellesforbundet tykkjer transportsektoren er ein naturleg avlastningskandidat. Dei vil óg ha midlertidig auka vrakpant og ei omlegging av eingongsavgifta. slik at bilar som forureinar mindre betaler mindre.

Annonse
Annonse