JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lotto om arbeidstid

I Norsk Tipping er to av tre tilsette i særleg uavhengige stillingar og unnateke frå arbeidstidsreglane. – Eit forsøk på å omgå regelverket, seier NTL-tillitsvald Gjermund Nedgård.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

256 av 378 tilsette i Norsk Tipping i desember var i dei såkalla særleg uavhengige stillingar. Slike stillingar er meint for tilsette med mykje ansvar, og gjer at dei ikkje må halde seg til arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova, ikkje får overtidsbetalt og kan jobbe kor og når dei vil.

– Oppsiktsvekkande

I Norsk Tipping er ifølge NTL sjåførar, kommunikasjonsrådgjevarar, innkjøpskonsulentar og oddssetjarar blant dei som har særleg uavhengige stillingar.

Leiar Gjermund Nedgård i NTL Norsk Tipping meiner eit slikt omfang er merkeleg.

– Eg tykkjer det er oppsiktsvekkjande når det skal vere 256 tilsette i «overordna eller ansvarsfulle» stillingar. Det set Norsk Tipping i eit spesielt lys, og stemmer ikkje heilt med røynda. Dei fleste her kjem om morgonen og går om ettermiddagen, og har ein leiar dei må halde seg til, seier Nedgård.

Problematisk

Nedgård har ei slik stilling sjølv, men seier det berre er «på papiret». Han er uroa over konsekvensane av ein slik tilsetjingspolitikk.

– Eg føler det er eit forsøk frå arbeidsgjevar på å omgår arbeidstidsreglande i arbeidsmiljølova. Det ser ikkje bra ut når ei verksemd som Norsk Tipping har såpass mange tilsette som er unnateke delar av den viktigaste lova vi som arbeidstakarar har. Norsk Tipping er ikkje så spesielle, seier han.

Nedgård meiner at fleksitidsystemet til Norsk Tipping er meir enn godt nok for å dekke behovet for å skyve på arbeidsdagar.

– Eg er redd det oppstår konfliktar som følgje av at så mange er i særleg uavhengige stillingar. Vi har ikkje noko tidsregistreringssystem, så det finns inga oversikt over kor mykje ein jobbar. Er det ikkje meininga at vi skal halde oss til ei arbeidsveke på 37,5 timar, spør han.

– Misbruk

Forbundssekretær Tor Erik Granum i Norsk Tjenestemannslag likar ikkje situasjonen i Norsk Tipping, og har varsla Arbeidstilsynet om saka.

– Forbundet er veldig betenkt over det misbruket som dette må vere. Det er ei omgåing av arbeidsmiljølova for å sleppe å betale ut overtid. Etter vår meining er dette eit misbruk, og det er heilt klart at særleg uavhengige stillingar berre skal nyttast i heilt spesielle tilfeller, seier han.

Granum meiner Arbeidstilsynet må komme i gong med undersøkingane så raskt som mogleg. To månader etter at han varsla, har han ikkje høyrt noko frå tilsynet.

– No må Arbeidstilsynet komme på bana, slik at vi får ei vurdering av denne saka. Det forundrar meg mykje at dei ikkje allereie har vore på bana, all den tid det er over to månader sidan vi sende brevet, seier Granum.

Skal undersøke

Rådgjevar Stein Indsetviken i Arbeidstilsynet har fått ansvaret for saka. Han seier han kjem til å kalle inn til møter, for å kartlegge kva partane er einige og ueinige om.

– I utgangspunktet vil vi avgrense undersøkingane til dei som er medlemmar i fagforeininga som har tatt opp saka. Litt avhengig av kva vi finn, kan det bli aktuelt å undersøke alle, seier han.

Han seier det blir viktig å finne ut kva tilfelle det føreligg ei avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane. Generelt sett, meinar han omfanget av særleg uavhengige stillingar i Norsk Tippping ser stort ut.

– I ei normal bedrift, vil dette vere veldig veldig mykje. Alle desse kan ikkje ha leiande stillingar. At ein sjåfør har ei slik stilling høyrast spesielt ut, seier han.

Indsetviken legg til at praksis for særleg uavhengige stillingar er streng.

– Vi er sjeldan bort i slike saker. For Norsk Tipping sin del har det vore oppe før, og eg har vore på nokre møter der, seier han.

LES OGSÅ: HR-direktør Gro Sørbø i Norsk Tipping om saken

Annonse
Annonse