JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

- Ikkje slingringsmonn på krava

Utanriksminister Jonas Gahr Støre ga mandag EU beskjed om at Norge seier nei til postdirektivet. No skal han i dialog med EU for å finne ei løysning.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Mandag ettermiddag starta møtet i EØS-rådet, der EFTA-landa og EU møtast for å diskutere korleis EØS-samarbeidet går.

Det er her Støre og Norge for fyrste gong ga beskjed til EU om at Norge vil reservere seg mot EUs 3. postdirektiv.

Ettersom det er fyrste gang reservasjonsretten vert teken i bruk, er det knytt spenning til korleis EU vil reagere. Ifølgje Støre svara EU med ein invitasjon til dialog.

- EU noterte seg den norske haldninga, og inviterte til dialog. Det ligg i EØS-avtalen, at ved vanskelegheiter skal ein ha utstrekt kontakt for å prøve å løyse problema. Det er ein invitt vi svarar positivt på, sa Støre etter møtet.

Så fort som råd

Støre understreka også at han hadde tatt opp den norske vegringa mot direktivet ved fyrste høve etter at regjeringa bestemte seg. Han reknar med at det fyrste møtet om saka vert på denne sida av sommaren. Han veit ikkje kor lang tid prosessen kan ta, men han avviser dei som fryktar han kjem til å trenere saka.

- Eg stiller meg uforståande til det. Det er ikkje snakk om å trenere, heller ikkje å forskottere kva som skjer. Eg er lojal ovafor eiga regjering, og EØS-avtalen, som regjering og Storting står bak, sa han.

EFTA-partnarane Island og Liechtenstein kjem begge til å seie ja til direktivet.

Kompromiss?

Støre ville ikkje diskutere kva typar kompromiss som kan komme ut frå dialogen med EU.

- Det er ikkje riktig å diskutere kompromiss i forkant av samtalane vi skal ha. Eg gjentek at vi har forplikta oss til å sette oss ned og diskutere problema. Vi har ei ordning i dag som gjer det mogleg å sikre postombering seks dagar i veka, gjer det mulig å ha einskapsporto og gjer det mogleg å ivareta arbeidstakarane sine rettar på ein anstendig måte. Og det er ganske grunnleggande krav for oss, og eg har vanskeleg for å sjå at det er noko særleg slingringsmonn på dei.

- Har då Norge ingenting å "gje" i forhandlingane, utan å komme i konflikt med eiga regjering og landsmøtevedtak?

- Det får vi sjå når vi kjem i dei samtalene, kva vi høyrer og kva vi kan diskutere av ulike løysingar. Eg er oppteken av at vi går inn i dei samtalene med ei ope haldning, men vi har sagt veldig klart frå både til Stortinget og EU kva vårt syn på direktivet er, og kva vi meiner direktivet, som det no står, representerer av utfordringar. Det er det eg vil seie no, svara han.

Støre poengterte også at postdirektivet har vekt berettiga merksemd i Norge, og at reservasjonsretten skal nyttast for fyrste gong. Men samstundes er ikkje dette noko sensasjon for EU, og Støre la til at dette er ein situasjon som veldig mange medlemsland hamnar i frå tid til anna.

- Ein test

LO sin mann i Brussel, Knut Arne Sanden, meiner det kom lite konkret fram av møtet i dag. Han er spent på korleis EU vil reagere.

- Eg veit ikkje kor mykje dei har fått tenkt seg om, eller kva dei meinar. Men om det er mogleg å få gehør for dei tre krava som er frå norsk side, om einskapsporto, seks dagars ombering og sikring mot sosial dumping, hadde det vore det beste. Eg trur begge partar vil bruke den tida som er naudsynt. Dei brukar nok den tida dei har, pluss litt til, seier han.

Annonse
Annonse