Berre éin av 22 tilsette blir med
Berre ein av 22 tilsette i Statens bygningstekniske etat blir med på flyttinga frå Oslo til Gjøvik. Uvissa blant dei tilsette er stor.
anders.hauge-eltvik@lomedia.no
Sjokkmeldinga frå regjeringa om å flytte ei avdeling av Statens bygningstekniske etat frå Oslo til Gjøvik skapte mykje uro blant dei tilsette.
No er det klart at berre éin av dei 22 tilsette blir med til Gjøvik, og NTL-tillitsvald Ingebjørg Skjelvik seier det herskar stor uvisse blant dei tilsette som ikkje blir med.
Hastverk
Skjelvik tykkjer det er lagt opp til ein alt for rask flytteprosess.
– Vi har 13 månader på oss, medan andre etatar har hatt både tre, fire og fem år. Då har ein tid til å gjere omstillinga, seier ho.
Så langt har sju av dei tilsette sagt opp og fått seg ny jobb.
Skjelvik seier det hadde vore den beste løysinga for dei som er att også, men ein trong jobbmarknad gjer det vanskeleg å finne noko nytt.
– Det er feil tidspunkt å finne ny jobb på når byggjebransjen er utflata og kommunane må stramme inn, seier den tillitsvalde.
Statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) har fleire gonger uttala at ho går utifrå at etaten finn gode løysingar for dei tilsette i flytteprosessen.
Desse løysingane har ikkje Skjelvik sett noko til.
– Kva er dei gode løysingane? Så langt er det ingen andre løysingar enn at ein må flytte med til Gjøvik eller vekependle. Eg håpar dei forstår at det for mange ikkje er mogleg å flytte til Gjøvik, seier ho
Ofra
Framleis forstår ikkje dei tilsette kvifor etaten vert splitta.
– Vi sit att med ei kjensle av å bli ofra for at regjeringa skal score nokre billege distriktspolitiske poeng. I 2011 er det ein fjern tanke, tykkjer eg.
Ifølgje Skjelvik kostar utflyttinga 8 millionar kroner. Ei rekkje nytilsetjingar skal gjerast, og Skjelvik åtvarar mot at etaten kan misse veldig mykje kompetanse om ein ikkje kjem opp med ordningar som gjer at dei noverande vil halde fram.
– Om alle sluttar, kva med kompetansen i etaten då? Det sit folk her som kan bidra, men då må ein vere villeg til å finne løysingar slik at tilsette kan halde fram. Vi veit ikkje kva som skjer etter 31. desember i år. Dette kunne statsråden avklara, og sagt kva som kom til å skje.
Slik det er no, skapar ho uvisse, seier Skjelvik.