JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Saknar felles tillitsvald

– Vi treng ein konserntillitsvald i Fellesforbundet, meiner Thor Åge Christiansen, organisasjonsarbeidar i Avdeling 9 Østre Agder i kjølvatnet av Kirketeig-saka.

randi@lomedia.no

Dei tilsette på Lilletorget og distrikts¬kontora har tariffavtalar med Fellesforbundet. Men desse gjeld ikkje for avdelingane i distrikta, som er sjølvstendige juridiske einingar.

Og personkonflikten i Førde er ikkje einestående i forbundet. Hadde dei einskilde avdelingane etablert seg som partar, hadde dei kanskje sluppe nokre av konfliktane.

– Dei tilsette i avdelingane som er medlemar i Fellesforbundet, har ikkje nokon felles talsperson eller tillitsvald som kan hjelpe om dei skulle koma i konflikt på arbeidsplassen, seier Christiansen.

Dårleg framdrift

– Kvifor kan vi ikkje få ein «konserntillitsvald» for dei tilsette i avdelingane? Gjerne i samarbeid med dei tilsette i Fellesforbundet, seier han.

Organisasjonsarbeidaren i avdeling 9 kjem opprinneleg frå Ringnes-Orkla-systemet. Der har dei konserntillitsvalde, på same måte som mange andre konsernliknande verksemder.

Thor Åge Christiansen tok initiativ til å samle organisasjonsarbeidarane i fjor haust. Dei 33 som møtte, vart einige om å jobbe vidare med saka. Men det har gått trått.

– Eg har kjent meg kraftig motarbeida av administrasjonen på Lilletorget, seier han frustrert.

Må bli proffe

Rune Werring Olsen er hovudverneombod i Fellesforbundet. Han seier han har teke opp i arbeidsmiljøutvalet at også avdelingane må bli profesjonelle arbeidsgjevarar. Dei treng eit internkontrollsystem, slik at personal¬konfliktar vert handsama etter boka, meiner han.

På generelt grunnlag har forbundsleiinga oppfordra avdelingane til å melde seg inn i Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening. Då vil dei mellom anna få hjelp i konfliktar med eigne tilsette. Nokre har fulgt denne oppfordringa, andre ikkje.

Ulike roller

– Rolla som tillitsvald og som arbeidsgjevar er to heilt ulike ting. Eit avdelingsstyre er arbeidsgjevar for dei tilsette, utan å ha fått opplæring i den delen av i jobben. Sjølv er eg styreleiar for eit målekontor med to tilsette, utan noka opplæring. Du kan ikkje bruke ein røff klubbleiar-tone når du skal vera sjef. Gjer du det, blir det garantert problem, seier Thor Åge Christiansen i Østre Agder.

Annonse
Annonse