JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bekymra for Skatteetaten

NTL-leiar John Leirvaag er nøgd med satsing på velferd, men litt skuffa over at Skatteetaten ikkje fekk meir til drift.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

– Generelt vil eg seie at vi faktisk er i ein situasjon der vi kan halde fram med satsinga på velferd og fellesordningar i ei tid der landa rundt oss ikkje har moglegheit til det. I Skatteetaten styrkjar dei arbeidet mot svart økonomi, noko vi tykkjer er bra. Vi hadde håpa det ikkje berre skulle vere dette tiltaket. Problemet er at det er for lite midlar på driftssida, og den blir ikkje styrka i år heller. Dermed kan vi risikere at kvaliteten på det «vanlege» arbeidet blir dårlegare, og at skatteinngangen kan bli mindre og skatteberekninga kan bli ulik. Vi er litt skuffa over at dei ikkje tok det signalet frå oss, seier Leirvaag.

Som kommentar til NAV sitt budsjett, meiner Leirvaag at reduksjon i tiltaksbudsjettet er bekymringsverdig på bakgrunn av utviklinga i arbeidsmarknaden. Han varslar at dette er noko NTL kjem til å sjå nærare på.

– Når det gjeld Forsvaret er eg glad regjeringa følgjer opp langtidsplanen med midlar, kommenterer han.

Innan justissektoren ser Leirvaag fleire gode prosjekt, og han likar at dei vert sett i samanheng. Men utviklinga IKT-systema er han redd får for lite pengar.

– Dei kjem med ei løyving til IKT-systemet til straffesaksystema i Politiet, men vi er redde det ikkje er nok og at ein må ta midlar frå driftsbudsjettet. Det er sett av 80 millionar kroner, men etter det vi veit kostar det 450 millionar.

Arbeidstilsynet ser ut til å få nokre større budsjett knytt til ein del prosjekt. Dei rettar seg blant anna retta inn mot bemanningsføretak, noko Leirvaag tykkjer er riktig prioritering.

Annonse

Flere saker

Annonse