JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kunnskap avler kunnskap

Samfunn som ikkje satsar på kunnskap, stagnerer fort, skriver Arve Bakke.

Ved Reiulf Steen sin bortgang gjer vi oss tankar. I alle høve vi som var så heldige å få møte eller høyre han. Ein inspirator av dei store, talegåver som få og ein som verkeleg evna å kombinere ideologi og det visjonære med den praktiske politikken. Han var både den ideologiske far og den praktiske politikar for at vidaregåande skule skulle vere for alle, og at yrkesretta og teoretisk vidaregåande utdanning kan gå hand i hand.

Reulf Steen skulle ha kome til landsmøteopninga vår på Operaen i 2011 og snakka litt til oss om kunnskapens hjul. Om korleis ny kunnskap forandrar samfunnet, og kor viktig det er å spre kunnskapen. Kunnskapen blir ikkje mindre ved å dele han med fleire. Kunnskapen blir på den måten berre sterkare og kunnskap avler ny kunnskap. Vi som var på landsmøteopninga hugsar godt «Hjulet». Kunnskapens hjul som dreiv samfunnet framover. Dessverre hindra sjukdom Reiulf å kome til oss.

I boka hans «Beretninger» frå 1998 skriv han blant anna om kunnskapens veldige kraft som omformar av samfunnet, og det gjeld særleg den teknologiske utviklinga. Han skriv om kor meiningslaust det er å planlegge samfunnet fire år om gangen. «De konkrete og praktiske endringene lar seg ikke programmere», og så skriv han vidare: «men ideene og prinsippene som skal til for å møte forandringene, må alltid legges til grunn – ikke minst når vi diskuterer framtiden».

Reiulf Steen har rett. Vi ser korleis ny teknologi radikalt endrar arbeidsplassane våre, og også heimane, og korleis vi kommuniserer med kvarandre. Ja, heile samfunnet blir endra. Dei framtidige teknologiske løysingane som han snakka om vil kome. Ja, dei er her. Mikroprosessorane, fiberoptikken og robotane endrer liva våre. Eg er viss på at vi slett ikkje er ved vegs ende. Vi er berre i starten når det gjeld bruk av robotar i produksjonen. Dei vil erstatta arbeidsplassar, men også skape nye. Vi i Fellesforbundet er ikkje, og har heller aldri vore, maskinknusarar. Men vi vil vere med å bestemme over bruken av teknologien. At teknologien skal nyttast til å gjere produksjonen meir effektiv, meir miljøvenleg og sikre HMS. Teknologien skal vere til velsigning – ikkje forbanning.

Skal vi meistre dette, må vi satse meir på fagutdanning i Norge. Eg blir djupt uroa når eg høyrer og les om at yrkesfaglege linjer blir reduserte eller lagde ned. Eg blir også uroa over kunnskapsministeren når han uttalar at talet og omfanget av plassar ved dei yrkesfaglege studieretningane må tilpassast det som er etterspurnaden i næringslivet. Vi må ha ei meir aktiv haldning til dette. Næringslivet må sjå at det å ha lærekandidatar er ei langsiktig investering som vil tene den enkelte bedrift og samfunnet. Samfunn som ikkje satsar på kunnskap, er samfunn som fort stagnerer. Teoretisk sett kan vi leve i Norge av å klippa håret på kvarandre. Men då vil vi bli eit både fattigare og dårlegare samfunn. Slik vil vi ikkje ha det.

Arve Bakke, forbundsleder i Fellesforbundet

Teknologien skal vere til

velsigning – ikkje forbanning

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse