JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Følte seg knebla

– Då eg kom heim frå møtet, var eg sint, frustrert og følte meg enda meir knebla enn før, seier Geir Kråkenes, studieleiar i Avdeling 19.

randi@lomedia.no

I dag 21. oktober skal Kirketeig-saka opp på styremøtet i Avdeling 19, opplyser Geir Kråkenes som er maskinoperatør på Nordvestvinduet i Vågsøy. Han kom inn i styret i 2010 etter at Stefan Blaes ikkje tok attval, og hadde då ikkje kjennskap til grumset.

På det første styremøtet nokre dagar etter at Kirketeig gjekk ut i media med skuldingar om trakassering, skjedde noko uvanleg.

– På veg til styremøtet ringde NRK Sogn og Fjordane. Eg svarte at eg ikkje kunne prate med dei, for eg var på veg til styremøte. Då eg kom fram, hadde NRK allereie møtt opp utanfor.

Magne Ulvatn var til stades på innleiinga av møtet via Skype. Bak lukka dør sa nestleiar Bjørn Kormeseth at alle måtte legge fram mobilen sin på bordet og ta ut batteriet. Så spurte han ein etter ein om deira kontakt med pressa, frå saka kom ut i media, til dags dato, og om kven som hadde tipsa pressa.

Vart kasta ut

– Eg sa som sant var, at eg var blitt kontakta tidlegare i veka, men ikkje hadde sagt noko om sjølve saka. Fortalte så om oppringinga på veg til styremøtet og at dette mest truleg var grunnen til at NRK var møtt fram. Nestleiar meinte då at eg skulle forlate møtet, og han fekk etter kvart tilslutning frå dei andre i styret, fortel Geir Kråkenes.

Før han gjekk ut, spurte han om kven det var som no skulle ivareta Jarle Kirketeig sine interesser.

Kråkenes fekk stadfesta frå distriktssekretæren at ifølge vedtektene hadde han full rett til å delta på møtet. Han var ikkje på noko vis inhabil.

– Til slutt måtte dei ta meg inn att. Vilkåret var at berre leiar og nestleiar skulle ha rett til å uttale seg om saka. Eg vart knebla, seier han.

Påstand mot påstand

Kråkenes seier han i utgangspunktet har stor sympati for Jarle Kirketeig, men at han etter informasjon som kom fram vidare i styremøtet, ikkje lenger visste kven han kunne tru på. Han etterlyste ein e-post som var grunnlag for ulik tolking. Etter nestleiar i styret si utsegn var Kirketeig den einaste som tolka denne e-posten på en bestemt måte.

Av ukjende grunnar fekk Geir Kråkenes ikkje sjå denne e-posten, slik at han kunne sjå om det var mulig å tolke den slik Jarle Kirketeig hadde tolka den.

– Eg kan ikkje vite om det eg får høyre, stemmer eller ikkje, for eg har ikkje vore til stades.

Men det er mi fordømte plikt som styremedlem å finne ut kva som er rett og kva som er gale. Eg krev min demokratiske rett til å spørje kven eg vil for å få eit utfyllande bilete av situasjonen, sa han då Magasinet intervjua han for et par veker sidan.

Seinare har han prata med alle dei tidligare tilsette og fått deira historie. Også tidlegare leiarar i Avdeling 19, slik at han har danna seg eit klårare bilete av saka. Og det er eit heilt anna bilete enn det han har fått i styret, seier han no.

Annonse

Flere saker

Annonse