JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bakstrev mot framtidsnæring

Auka sosiale skilnader. Sentralisering. Desse to utviklingstrekka går av seg sjølv, med mindre det blir ført ein målretta politikk for det motsette. Dessverre har vi for tida ei regjering som ikkje forstår dette, eller som ikkje bryr seg, skriv Ingrid Heggø i dette innlegget.
Illustrasjonsbilde.

Illustrasjonsbilde.

Sissel M. Rasmussen

Det ferskaste eksemplet på manglande distriktspolitisk – og ikkje minst næringspolitisk - forståing, kom nyleg frå fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Med sitt nei til såkalla rullerande MTB (maksimalt tillatt biomasse) i oppdrettsnæringa, ignorerer ho ikkje berre faglege råd. Ho rammar òg dei mange oppdrettarane langs norskekysten som rettar seg mot norsk vidareforedling.

Rullerande MTB handlar om at maksgrensa for kor mykje fisk ein kan ha i merdane, skal reknast som eit snitt av dei siste 12 månadene, og ikkje til ei kvar tid, som i dag. Grunnen til at Arbeidarpartiet ønskjer dette er ganske enkel: Vidareforedlande verksemder sin etterspurnad etter råstoff, varierer med sesongane. Med rullerande mtb blir det derfor betre samsvar mellom tilbod og etterspurnad, og sysselsettinga kan halde seg jamt høg gjennom året. Det er ikkje minst dei mange mindre aktørane i næringa som har bedt om dette. Oppdretts- og vidareforedlingsverksemder er ofte lokalisert i område som verkeleg treng arbeidsplassar, ikkje minst i ei av våre store, nasjonale framtidsnæringar.

Reaksjonane mot Aspakers nei har og kome frå større selskap. I DN 23/6 var sjefen for Lerøy, Henning Beltestad, klar i si melding til fiskeriministeren: "For oss er rullerende mtb utrolig viktig for å sikre råvaretilgang til videreforedlingsindustrien. Når regjeringen sier nei til det, gjør den det enda vanskeligere å drive videreforedling i Norge. (…) Vi opplever situasjonen som alvorlig." Statsråden opnar samtidig for ein generell MTB-vekst på fem prosent. Dette kjem på eit tidspunkt då problemet med lus og rømming er større enn på lenge. Rett nok blir det knytt svært strenge krav til tiltak mot lus for å kunne nytte seg av veksttilbodet, men timinga er uheldig. Og blir ikkje betre av at ingenting blir sagt om rømming.

Arbeidarpartiet ønskjer i staden eit prøveprosjekt med rullerande MTB for dei små oppdrettarane. Då ville veksten ha vore kontrollert. Miljøgrensene må i alle tilfelle setjast på den enkelte lokalitet. Mattilsynet skal bruke verktøykassa si og setje grenser ut frå berekrafta den enkelte lokalitet, slik dei gjer også i dag. Kommunane må i tillegg få årlege, faste inntekter for å leggje til rette for oppdrett, og Arbeidarpartiet har bedt regjeringa greie ut ei ordning for dette. Den restsummen som ikkje tilfell kommunane ved nye konsesjonar, og som i dag går inn i "det store sluket", kunne til dømes gå gått eit fond for teknologiutvikling og forsking.

I tillegg bør nye konsesjonar vere såkalla grøne, altså knytt til strengare miljøkrav, med ei ordning der ein vanleg konsesjon kan bytast inn mot to grøne. På sikt ville då all norsk oppdrett vere grøn, med verdien det vil ha ikkje berre for miljøet, men for marknadsføring og omdømme.

Ingrid Heggø, fiskeripolitisk talsperson (Ap)

Annonse
Annonse