JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kirketeig går til sak

Jarle Kirketeig har teke ei tung avgjerd. Han tek saka si til retten.

randi@lomedia.no

Den siste arbeidsdagen til Kirketeig skulle vore 31. oktober, ifølge brevet der avdelinga seier han opp.

I dag skulle det vore nytt forhandlingsmøte mellom Jarle Kirketeig og arbeidsgjevaren, Fellesforbundet si Avdeling 19 Sogn og Fjordane Fagforeining. Møtet er avlyst. I går vart Kirketeig og advokaten hans samde om å gå til sak.

Etter det Magasinet erfarer, vil heile styret i Avdeling 19 bli stemna. Altså ikkje berre arbeidsutvalet med leiar Magne Ulvatn og nestleiar Bjørn Martin Kormeseth i spissen.

Ugyldig oppseiing

– Partene har etter forhandlinger ikke kommet til enighet. Kirketeig vil ta ut søksmål med krav om at oppseiinga er ugyldig. Han krever å stå i stillingen frem til saken er avgjort.

Søksmålet vil rettes mot arbeidsgiver som er Fellesforbundet avd. 19. Jeg antar hovedforhandling kan bli i februar/mars, sier advokat Thomas Jarning i Advokatfirmaet Harris AS i en mail til Magasinet.

Letta, trass i alt

– Ein er aldri sikker på utfallet i ei rettsak. Men det fanst ikkje grunnlag for å samarbeide om ei løysing på saka. Derfor vart avgjerda slik, seier Jarle Kirketeig. Han er letta over at det nå er teke ei avgjerd, i staden for å leve i uvisse.

– Eg står for alt eg har sagt, og ville aldri gått med på å bli knebla, seier den oppsagte organisasjonsarbeidaren.

Mykje støtte

No står han framfor ei stor oppgåve. Han må førebu seg, og bli så frisk at han greier å gjennomføre ei rettssak.

Han har fått mykje støtte, og støttekommentarar under sakene som Magasinet har lagt ut på nettet.

–Vinn du, så vinn du. Tapar du, så tapar du. Venene dine har du uansett, seier ein ven til han no.

Annonse

Flere saker

Annonse