JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fekk fast jobb etter sju år

Tamara Zimonja har jobba som midlertidig ved Universitetet i Ås sidan 2005. I år fekk ho endeleg fast tilsetting.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

I 2005 starta Tamara Zimonja i full jobb som avdelingsingeniør ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) i Ås. Lite visste ho at ho skulle vere midlertidig tilsett i sju år, før ho fekk fast jobb.

Uvisse

Zimonja jobbar på eit eksternt finansiert prosjekt ved UMB, og hadde ein sluttdato ved utgangen av 2012. Ho tenkte ikkje over at ho då ville stå utan jobb før ein kollega spurte kva ho skulle gjere etter at prosjektet var ferdig.

– Etter å ha jobba så mange år her rekna eg det som ei sjølvfølgje at eg skulle halde fram. Eg trudde eigentleg eg hadde ein fast jobb, seier ho.

Det hadde ho ikkje, men ved hjelpt av NTL UMB og forbundet sentralt fekk ho sett i gong eit arbeid for å få fast tilsetjing. UMB var ikkje utan vidare villege til å tilsette ho fast, då NTL fyrst tok opp saka i fjor sommar.

Løysing

Etter kvart fekk NTL aksept for at Zimonja har vore så lenge på UMB at ho må få fast tilsetting.

– Vi hadde eit møte i januar der instituttet hadde forståing for at ho skulle bli fast tilsett, men på prosjekt som vert finansiert med eksterne midlar, seier leiar Signe Kroken i NTL UMB.

Ho hadde håpa at Zimonja skulle bli fast tilsett utan å vere knytt til eksterne midlar, men Kroken meiner ho ikkje kjem til å bli oppsagt.

– Om det ikkje kjem inn nye prosjekt har dei sakleg grunn til oppseiing. Men det er truleg at det kjem inn andre forskningsoppdrag, og då kan ho ikkje seiast opp. Eg trur nemleg ikkje at forskingsaktiviteten vil gå ned. Tamara har også fyrsterett om det blir lyst ut tilsvarande eller lågare stillingar på UMB, seier Kroken.

Automatisk

Zimonja trudde ho automatisk vart fast tilsett etter å ha jobba så lenge på UMB. Det meiner Kroken at ho også skulle vere, men det måtte ein del jobbing til for å få gjennomslag for dét.

– Leiinga ved UMB jobbar med å rydde opp i dette med midlertidig tilsette. Det tok for lang tid før instituttet svara oss, det skal ikkje ta eit halvt år å løyse ei sak som dette, seier Kroken.

I januar i år var det 428 tilsette, fordelt på 344 årsverk, som var midlertidig tilsette ved UMB. Det utgjer om lag 30 prosent av dei tilsette.

Om ein held stipendiatar, post.doc. og vitenskaplege assistentar utanom, var det 214 midlertidig tilsette, noko som utgjer 141 årsverk.

Zimonja er glad ho no slepp å vere redd for å misse jobben.

– No kjenner eg meg trygg. Det er lettare å vere fast tilsett, sjølv om det er eit lite aber at eg kan seiast opp om det ikkje kjem inn nye prosjekt, seier Zimonja.

Samstundes tykkjer ho det ville vore merkjeleg om ho hadde blitt sendt ut døra etter sju år i jobben.

– På generell basis forstår eg ikkje at det er betre å ta inn ein ny til å gjere same jobben som ein profesjonell har lært seg fullt ut? Det ville det ikkje vore noko logikk i, seier ho.

Annonse

Flere saker

Annonse