JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Går heime – får full løn

Øivind Hansen skulle så gjerne fullført jobben sin i Forsvaret. Men han er stempla som overtallig, samtidig som pensjonistar er leigd inn for å fullføre prosjektet han jobba med i seks år.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

NTL-medlem Øivind Hansen har sidan 2005 jobba med å arkivere 3-400 hyllemeter med gamle forsvarsdokument på Reitan utafor Bodø.

Etter å ha vore midlertidig tilsett i over fire år, fekk han beskjed om at prosjektet var avslutta, og at han var overtallig. Han får løn ut 2012, men får ikkje jobbe.

Hansen er frustrert over situasjonen, og meiner han burde få komme tilbake på jobb i ei fast stilling.

Midlertidig

Forsvaret fekk for ein del år sidan krav om å rydde opp i arkiva sine. Hansen og ein til vart innleigd for å ivareta det arkivfaglege, medan pensjonerte offiserar gjekk igjennom og vurderte dei ulike dokumenta militærfagleg.

Hansen fekk midlertidige kontraktar på eit halvt og heilt år over ein periode på fleire år, før beskjeden om at prosjektet skulle avsluttast kom i 2011. Sjølv om det står att ei stor mengde arbeid før ein er ferdig, ifølgje Hansen.

Etter sommaren i fjor var siste dag for Hansen, og han skulle då motta løn ut 2012 og vere i ein «ressurspool» der Forsvaret skulle sjå om dei fann andre oppgåver til han. I mars fekk han varsel om at han var overtallig, og kom til å bli sagt opp.

– Vi fekk beskjed frå Forsvaret om at vi bør søke på andre stillingar, og eg fekk ein jobb på Universitetet i Nordland. Eg fekk permisjon frå Forsvaret, men eg merka at eg sakna Forsvaret, og sa at eg kom tilbake etter prøvetida ved universitetet, seier han.

Ikkje godt nok

Men Hansen fekk ikkje komme tilbake på jobb, og fekk beskjed om å halde seg heime med full løn.

– Det som forbausar meg, og kanskje irriterar meg, er at Forsvaret engasjerer fire av dei åtte pensjonistane som jobba med prosjektet for å fullføre arkiveringa. Eg fattar ikkje at Forsvaret let pensjonistar sitte å gjere ein jobb, medan ein sivil arkivarar går heime med full løn. Det er sløsing med skattepengar, og Forsvaret kan ikkje vere kjent av dette, seier han.

Hansen meiner det står att fleire år med arbeid før arkiveringa er ferdig ved Reitan.

– Eg er oppteken av at arbeidet blir gjort, også det som ikkje er teke hand om. Arkiv er ikkje berre dokument, men bilder, kart og teikningar. Vi vet frå undersøkingar vi gjorde mens vi var i prosjektet at det ligg meir ute som må takast hand om og at etter OU-prosessen i Forsvaret så klarar ikkje Forsvarets arkivteneste å gjere den jobben med den bemanning dei har i dag, seier han.

Vil tilbake

Det Hansen ønskjer no, er at han skal få den faste tilsettinga han meiner han har krav på, og å få komme tilbake på jobb.

– Eg har vore stolt over å fortelje at eg jobbar i Forsvaret, og syns dei har hatt ein fantastisk bra personalpolitikk heilt fram til denne saka dukka opp. Det er trasig og leit å bli handsama på denne måten av ein så stor og viktig arbeidsgjevar som Forsvaret, seier han.

Han syns ikkje dei har blitt vist den respekten han meiner dei fortener:

– Det eg har sakna er at Forsvaret seier «De har vore her i over fire år, då er lovverket slik at de er fast tilsette, her er tilsetjingsbrevet». Den respekten har vi ikkje fått, seier han.

Om det ikkje skjer noko med Hansen sin situasjon, vert han gåande heime ut året med full løn.

– Det var greitt i starten, då kunne eg ordne i huset og lufte bikkja. Men etter kvart blir det fryktelig trasig, og du blir sitjande mykje i sofaen. Det går litt på den kjensla av å gjere nytte for den løna du får, yte noko til arbeidsgjevar og samfunnet. Spesielt når vi veit at det er arbeid der som kan gjerast, seier Øivind Hansen, og garanterer at verken han eller NTL kjem til å gje seg i denne saka.

LES OGSÅ: – Kommenterar ikkje

Annonse
Annonse