JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Skal bruke dei sivile meir

Både justisministeren og politidirektøren ønskjer at dei sivile i Politiet skal få fleire oppgåver.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Justisminister Knut Storberget (Ap) og politidirektør Ingelin Killengreen deltok på ein konferanse NTL Politiet heldt i slutten av november.

Der kom det fram at begge polititoppane ønskjer at dei sivilt tilsette skal ta over fleire oppgåver frå polititenestemenn, slik at desse kan få meir tid til politiarbeid.

Viktigare

– Dei sivile vil berre spele ei viktigare rolle framover, seier Storberget.

Han ser tre årsaker til dette. Det eine er at han har opplevd kor viktig den sivile tenesta i Politiet er, og at arbeidet dei tilsette gjer i stor grad er den kontakta folk har med etaten. Det andre er at han ikkje likar tanken på at uniformert politi i for mange samanhengar skal syte for innbyggjarane sin tryggleik.

– I tillegg er det fordi eg er meir og meir i mot omgrepet «synleg politi». Meir uniformert politi i gatene vil ikkje innebere noko endring for folk flest. For det er dei som tek telefonen, skriv ut pass og ordnar med løyver som møter folk flest. Men for å nedkjempe til dømes vold i nære relasjonar, treng vi meir «usynleg politi», seier han.

Statsråden peikar også på at regjeringa har fått på plass 500 nye sivile stillingar i Politiet, og at det skal bli 500 til.

– Eg håpar på å få ei utvikling der vi nyttar sivile i større grad, seier han.

Betre. Også politidirektøren ønskjer å bruke dei sivile sin kompetanse meir. Ho ser føre seg fleire oppgåver i operasjonssentralane, i arrest- og grensekontroll, i publikumsmottak og på straffesakskontora.

– I publikumsmottaka vil eg ha mykje meir sivile, slik at ikkje alle som er i kontakt med politiet blir mottekne av polititenestemenn. Oppgåvene vert i mange tilfelle utført vesentleg betre av sivile som er spesialiserte, framfor polititenestemenn som er spreidde på fleire oppgåver, seier ho.

Dessutan kan Killengreen tenkje seg ei rekkje supplerande oppgåver på straffesakskontora som burde ha vore gjort av andre enn juristane.

– Eg er ikkje nokon stor tilhengjar av FBI, men det er ein ting eg likar godt: Dei plukkar sivile frå alle område av samfunnet, køyrer dei gjennom FBI-akademiet og så ut i teneste, seier ho.

Reform

NTL-medlemmene på konferansen var blant anna opptekne av prosessen i Politiet som er kalla Resultatreformen. Den skal vurdere kva nytte ein har hatt av meir ressursar, og sjå på korleis ressursane kan nyttast betre. Blant anna ser ein på kor mange politidistrikt og lensmannskontor ein skal ha.

Storberget understreka at han ønskte mange innspel frå dei tilsette i Politiet, og oppfordra NTLarane til å komme med sine innspel.

Killengreen var nøye med å poengtere at det ikkje er teke nokon avgjerdsler.

– Vi har ikkje sagt at vi skal legge ned noko, men at vi må vurdere å slå saman einingar eller bygge opp regional kompetanse, seier ho.

Annonse
Annonse