JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Redd for «bla-bla-melding»

Alle utdanningar innanfor velferdstenestene skal endrast. NTL-nestleiar Anita K. Solhaug er redd ein famnar om så mykje at ein ikkje får tak i noko.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Neste haust skal ei stortingsmelding som tek føre seg utdanningane som er retta inn mot velferdstenestene. Meldinga skal komme med forslag til endringar som gjer utdanningane tilpassa den velferdsstaten vi har i dag, og skal ta med seg Samhandlingsreforma, NAV-reforma og barnevernet.

Uroa

1. nestleiar Anita K. Solhaug er redd meldinga vert for lite spissa.

– Meldinga famnar så breitt, og eg er redd det vert ei «bla-bla-melding». Og det uroar meg, seier ho.

Solhaug understrekar at NTL skal vere konstruktive og komme med innspel, men ho ser mange spørjeteikn ved meldinga, som vart starta på i slutten av september.

– Verken Samhandlingsreforma eller NAV-reforma er ferdigutvikla, så korleis skal ein legge eit utdanningsløp som tek med seg desse, og som gjerne skal sjå framover i tid samstundes? spør ho.

Lite stat

I tillegg ser Solhaug på Samhandlingsreforma og barnevernet som reint kommunale saker. Men i NAV er den største delen av verksemda statleg. Ho er redd denne delen av området vil dette mellom to stolar.

– Eg er redd dei igjen trur at den delen av NAV som er regelstyrt skal ordnast med IKT-løysingar. Vi veit ikkje kva som blir att, og kor fokuset skal vere, seier ho.

På toppen av dette, meiner Solhaug det er uklart korleis profesjonsutdanningar, som det er mange av innan Samhandlingsreforma og barnevernet, skal bli påverka av meldinga.

Behov

At NTL skal vere konstruktive i arbeidet, er Solhaug nøye med å presisere. Og ho er ikkje tvil om at det trengs betre velferdstenester og vidareutvikling av velferdssamfunnet, som er målet med meldinga.

– Alle er einige om at det trengs. Men kor vert det trygdefaglege av? Dei har ein heilt annan type utdanning, seier Solhaug.

Arbeidet med ei stortingsmelding om utdanning for betre velferdstenester starta i september.

Fire departement er involvert: Kunnskaps-, Helse- og omsorgs-, Arbeids- og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Meldinga skal inkludere vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning, høgre utdanning og forsking, og den skal bygge på Forskingsmeldinga.

Meldinga skal etter planen leggast fram hausten 2011.

Annonse

Flere saker

Annonse

Arbeidet med ei stortingsmelding om utdanning for betre velferdstenester starta i september.

Fire departement er involvert: Kunnskaps-, Helse- og omsorgs-, Arbeids- og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Meldinga skal inkludere vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning, høgre utdanning og forsking, og den skal bygge på Forskingsmeldinga.

Meldinga skal etter planen leggast fram hausten 2011.