JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

– Urimelig renteauke for statstilsette

Renta for lån i Statens pensjonskasse (SPK) aukar igjen. NTL og LO Stat misliker at regjeringa reduserer godene til dei statstilsette.
KRITISK: Hovudkasserar Anita Busch i NTL mislikar at regjeringa plukkar vekk fordelane som statstilsette har.

KRITISK: Hovudkasserar Anita Busch i NTL mislikar at regjeringa plukkar vekk fordelane som statstilsette har.

Ole Palmstrøm

anders@lomedia.no

Frå 1. mars aukar renta for dei som har bustadlån i Statens pensjonskasse (SPK) igjen.

I ei tid der bankane kappast om å kutte sine renter, aukar renta i SPK fra 2,5 til 2,9 prosent. Altså høgare enn kva mange bankar tilbyr som beste rente. NTL og LO Stat likar ikkje at tariffesta rettar vert uthola med vedtaket i statsbudsjettet.

Kritisk

– Dette er ein urimeleg og uheldig arbeidsgjevarpolitikk. Dette påslaget gjer at staten som arbidsgjevar no i røynda har forteneste på å låne ut til sine tilsette, seier hovudkasserar Anita Busch i NTL, og minnar om at ordninga har vore nærast sjølvfinansierande og med veldig liten risiko for SPK.

Bush meiner denne renteauken er ein del av eit mønster, der fordelane ved å vere statstilsett vert plukka vekk. Ho nemner forslaget om å fjerne ventelønn og vartpengar som ein del av det samme mønsteret.

– Dette er ein måte å få vekk fordelane som statstilsette har. Lån i SPK ligg inne i tariffavtalen og er ein av fordelane vi har hatt. Dei plukkar vekk fordelane, og det er fleire som er under angrep, seier Busch.

– Blir det aktuelt å kreve meir i lønnsoppgjeret for å kompensere for dette?

– Det er ein breiare debatt, og krever ei større vurdering. Men det er klart at fordelane som vert plukka vekk no, må kompenserast på eit eller anna vis, seier Busch.

Konsekvensar

Renteakuen frå 1. mars kan utgjere mange tusenlappar i auka lånekostnadar for statstilsette med lån i SPK. Busch spår at enkelte vil få problemer med dette.

– Auken kan ha store privatøkonomiske konsekvensar for enkeltpersonar. Det er eit merkeleg vedtak, for låna som blir gitt i SPK er ikkje med særleg høg risiko. Dei aller aller fleste betalar tilbake, og då er det ingen utgifter for staten og på ingen måte eit risikoprosjekt. Det er minst like strenge krav for å få innvilga lån her som i einkvar annan bank, seier Busch.

Heller ikkje leiar Tone Rønoldtangen i LO Stat er nøgd med regjeringa si avgjerd.

– Å heve lånerenta i Statens pensjonskasse, når alle andre set ned bustadlånsrentene sine, er dårleg personalpolitikk. Eg oppfordrar regjeringa til ikkje å gjennomføre den varsla auken, seier ho.

Lån i Statens pensjonskasse:

Statstilsette kan låne inntil 1,7 millionar kroner til bustad.

Om to i husstanden er medlem i SPK, kan ein låne 3,4 millionar kroner.

Mellom 2006 og 2013 låg renta for bustadlån i snitt 1 prosentpoeng under marknadsrenta.

Rundt 85 000 personar har bustadlånet sitt i SPK.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse

Lån i Statens pensjonskasse:

Statstilsette kan låne inntil 1,7 millionar kroner til bustad.

Om to i husstanden er medlem i SPK, kan ein låne 3,4 millionar kroner.

Mellom 2006 og 2013 låg renta for bustadlån i snitt 1 prosentpoeng under marknadsrenta.

Rundt 85 000 personar har bustadlånet sitt i SPK.