TUNGT BREV: Johannes Innvær les innkallinga til møtet der tilsettinga hans skal drøftast. Det betyr at dagane hans ved Wärtsilä på Stord snart er talte.
Håvard Sæbø
Her les Johannes at han har mista jobben
Johannes Innvær (22) veit kva som står i brevet han nett har fått frå sjefen. Likevel gruar han seg til å opna konvolutten: Om seks dagar er han kalla inn til drøftingsmøte. Wärtsilä skal kutte til beinet, og 1. januar står han og 94 andre utan arbeid ved fabrikken i Grunnavågen på Stord.
has@lomedia.no
Nokre stasjonar bortanfor har Anita Solheim Thorsen fått det same brevet. «Bedriften har til vurdering ditt fremtidige arbeids- og ansettelsesforhold», står det. Ho har arbeidd her i åtte år. Sambuaren hennar òg.
Meldinga om at produksjonen av strømtavler og styringssystem skulle leggjast ned, kom som ei stor overrasking på alle. Rett nok hadde dei merkt at det var litt mindre å gjere, og at ein del var permitterte.
Men først då alle tilsette 20. august fekk beskjed om å setta seg i en buss med destinasjon hovudkontoret på Heiane, skjønte ho at det var noko alvorleg på gong.
Livet raknar
– Då sjokkmeldinga kom på allmøtet, vart eg først veldig lei meg, så heilt utmatta. Det å mista jobben er så mykje meir enn uvisse om framtida og at inntekta vert redusert. Alt det sosiale rundt det å ha ein jobb det å treffa vener og kollegaer forsvinn òg, seier Anita.
Ho gruar seg til den dagen ho er ferdig med å montera tavler ved fabrikken i Grunnavågen.
Førebels veit ho ikkje kva som ventar, men det å få seg ein tilsvarande jobb på Stord, trur ho er heilt umogleg slik det er no. I Bergen, kanskje, trur ho. Men å flytta dit er ikkje aktuelt.
Fellesforbundet sin klubbleiar, Håkon Furdal, fekk allereie før sommaren vita at det gjekk mot ei heilbarbering av arbeidsstokken, men hadde teieplikt andsynes dei 62 medlemmane i klubben. Nokon få tok hintet då det før sommaren kom eit oppslag frå Sparebank 1 om tilbod om å forsikra seg mot plutseleg og uventa arbeidsløyse eller permittering.
Dei som tinga forsikringa, får litt meir å rutte med når arbeidsløysa trengjer seg på. For Anita og familien vert det smalhans.
Trongare tider
– Vi har sagt til dei tre ungane våre at vi framover må tenkja meir på korleis vi brukar pengane. Hadde eg visst dette før ferien, hadde me til dømes reist på ein annan og billigare ferie enn den vi var på i sommar, seier Anita.
No er det full krise i oljeindustrien. 25.000 jobbar er vekk, og verst er det på Vestlandet. 70 prosent av verdiskapinga på Stord vert til i dei tre bedriftene Wärtsilä, Kværner og Apply. No slit dei alle tre med ordretørke.
– Situasjonen er dramatisk, seier organisasjonsarbeidar Knut Jørgen Kvilhaugsvik ved Fellesforbundet Sunnhordland.
Han har anslege at det i deira område på Stord, Bømlo og Fitjar vil forsvinna minst 700 jobbar (sjå eiga sak). Det vil venteleg gjera eit kraftig innhogg på medlemslistene som no tel rundt 1.800 yrkesaktive.
Brytaren vart skrudd av
På Rubbestadneset i nabokommunen Bømlo, ligg ei klynge verksemder som alle har levd godt av å levere utstyr til oljeindustrien. Heilt til i år.
– Då oljeprisen vart halvert, var det som om nokon skrudde av ein brytar, seier klubbleiar Henry Habbestad ved Olvondo.
Hadde trua
I 2012 var optimismen stor, trass i at Wärtsilä ville leggje ned delar av verksemda på Bømlo. Då tok dei tilsette saman med ei lita investorgruppe over drifta og døypte verksemda Olvondo. Første året gjekk det bra, sidan dei fekk fortsetta med produksjon av girkasser for Wärtsilä. Mest alle dei 90 tilsette kjøpte B-aksjar i eiga verksemd. Henry kjøpte for 28.000 kroner. Den gongen hadde han trua.
– Eg har arbeidd her i 42 år, og det har vore opp- og nedturar før òg. Men denne gongen er det heilt annleis. Eg har aldri vore arbeidsledig i desse åra, men i november går eg av med AFP for å sleppe yngre krefter til, seier han.
Dei som får behalde jobben, jublar ikkje, seier Vanja Espeland i administrasjonen.
– Alle tenkjer på dei som ikkje fekk fortsette.
Må dumpe prisen
Ho seier at dei har tilsett fleire på sal, for å få inn nye ordrar, men det er vanskeleg. Prispresset er enormt, og det er vanskeleg å prisa delar ein ikkje har erfaring med å lage. Ofte kan dei få ein ordre på berre ein ventil, mens dei helst hadde sett at dei kunne produsere seriar.
Olvondo har investert mykje i maskinparken for å kunne ta mest alle oppdrag. Ikkje noko er for stort eller for vanskeleg, seier dei.
Kompetansen forsvinn
– Me har utruleg kompetente tilsette. Etter å ha bygd opp kompetanse over fleire år, er det trist å sjå at den no forsvinn ut døra. Den dagen det snur, er det ikkje sikkert at me får dei tilbake, seier Espeland.
Alle snakkar om at det må kome tiltak for å halde sysselsettinga i gong. Men det hastar med å få statlege midlar ut der nauda er størst.
Ferjehåpet
Lokalavisa på Bømlo, Bømlo-nytt, tok før valet initiativ til eit folkemøte der folk kunne stille spørsmål til både lokale politikarar og fylkespolitikarar. «Alle» snakka om å byggje elektriske ferjer. Til våren skal fylket ut med nye anbod på dei 18 ferjesambanda i fylket. Håpet er at det vert stilt krav om at heile Noregs ferjeflåte må over på elektrisitet, og at det då vil dryppa arbeid til både Wärtsilä, Olvondo og andre verksemder som er råka av oljebremsen.
Desse er ramma i Sunnhordland
Oversyn over nedbemanningar, oppseiingar og permitteringar som er
sett i verk eller er varsla i lokale bedrifter i industrien i Sunnhordland:
Olvondo Industries (Bømlo) 29
Apply Leirvik (Stord) 80
Mosterfarm (Bømlo) 8 til 10: (Verksemda vert lagt ned)
LOS Marine (Bømlo) 30
HASA (Fitjar) 30 (Bemanningsselskap)
Wärtsilä (Stord, Fitjar, Bømlo) 190
Kværner 100
SEC Norge 100 (Bemanningsselskap)
WNS Pomorze 100 (Bemanningsselskap)
Advantec 20
Siemens (Bømlo) 20
SUM 709
Desse er ramma i Sunnhordland
Oversyn over nedbemanningar, oppseiingar og permitteringar som er
sett i verk eller er varsla i lokale bedrifter i industrien i Sunnhordland:
Olvondo Industries (Bømlo) 29
Apply Leirvik (Stord) 80
Mosterfarm (Bømlo) 8 til 10: (Verksemda vert lagt ned)
LOS Marine (Bømlo) 30
HASA (Fitjar) 30 (Bemanningsselskap)
Wärtsilä (Stord, Fitjar, Bømlo) 190
Kværner 100
SEC Norge 100 (Bemanningsselskap)
WNS Pomorze 100 (Bemanningsselskap)
Advantec 20
Siemens (Bømlo) 20
SUM 709
Mest lest
TRENGER FOLK: På den spanske ambassaden på Frogner i Oslo er det tre ledige stillinger, med en årslønn på rundt 250.000 kroner.
Kai Hovden
Reagerer på ambassadelønn: – Sjokkerende lavt
Brian Cliff Olguin
Butikkansatte får ny lønn
BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.
Erlend Angelo
Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt
BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.
Jan-Erik Østlie
Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet
Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.
Eirik Dahl Viggen
Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg
Roy Ervin Solstad
Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav
OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.
Leif Martin Kirknes
Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg
Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.
Leif Martin Kirknes
Økt kokainbruk blant unge elektrikere
Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.
Erlend Angelo
Potetmangel gir permitteringer i Bama
FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.
Colourbox.com
Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke
Mats Ruland har allerede fire oppgjør på sitt bord, og skal i gang med mekling uka etter påske.
Leif Martin Kirknes
Lønnsoppgjøret: Brudd i tre nye oppgjør
Renovatørene Markus Michalsen Helmundsen (t.v.) og Svein Øyvind Syse Johansen er godt kledd i gule refleksjakker, arbeidsbukser og vernesko. De får dekket alt arbeidstøy av jobben. Det får ikke barnehageansatt Alexander Filiberto (i midten).
Jan-Erik Østlie
Alle tre jobber i kommunen, men bare to får dekket alt arbeidstøy
HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.
Eirik Dahl Viggen
Jørgen (29) overlever på overtidstimer
Heiko Junge / NTB
Vær obs på dette hvis du må jobbe i påska
NÆRMERE INDUSTRIEN: Arbeidsgivere og arbeidstakere har signert på at bussbransjen må nærme seg gjennomsnittlig industriarbeiderlønn, men NHO Transport vil likevel holde seg innenfor rammene til den konkurranseutsatte industriens lønnsoppgjør.
Rodrigo Freitas / NTB
Uansett hva industriarbeiderne får i lønnstillegg, krever bussjåførene mer
Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.
Jonas Fagereng Jacobsen
Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler
BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.
Herman Bjørnson Hagen
Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle
MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.
Brian Cliff Olguin
Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben
Knut Viggen
Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger
Debatt
Felles for mange som deltar i debatten, er at de ikke er unge lenger. De fikk barn i en litt annen verden, skriver Helle Cecilie Palmer.
Agenda Magasin