JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Treng ikkje dei unge fast stilling og tryggleik?

«Millenias-generasjonen» er ikkje så ulik min eigen generasjon. Det viser den omfattande undersøkinga «Framtidsdebatten» der Unio kartla kva for forventingar og draumar ungdom i andre klasse på på vidaregåande skule har. Draumen består ikkje av frilansetilvere og å leiga framfor å eiga.

Colourbox.com

Debatten har gått høglydt, i sosiale medium særleg, etter det innlegget som sjefen i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth nyleg heldt på Agderkonferansen til NHO. Eg var ikkje tilstades, men eg har høyrt innlegget via og lese innlegget hennar på bloggen «Tinteguri». Ho uttalte i innlegget sitt på årskonferansen mellom anna at dei unge, til skilnad frå foreldra, ikkje er opptatt av å eige eigen bustad og hytte på fjellet og ved sjøen. Dei er meir opptatt av å ha tilgjenge til dette. Med andre ord; at dei har ein app som opplyser om der dei kan bu og dra på ferie. Og ho la til at ungdomen er opptatt av jobb-fridomen og ikkje vektlegg fast tilsetting like høgt.

Traaseth innrømmer at ho ikkje byggjer påstandane sine på norske undersøkingar. Det trur eg henne på. For den djuptgåande undersøkinga «Framtidsdebatten» som Unio har gjennomført blant unge i vidaregåande skule, underbygger ikkje desse påstandane. Dei fortel oss tvert i mot at dagens unge i det store og heile planlegg som oss; utdanning, fast jobb og deretter familie og bustad.

I desember 2015 lanserte Unio Framtidsdebatten – ein debatt om viktige utviklingstrekk og utfordringar i arbeidslivet i framtida. Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) på Høgskulen i Oslo og Akershus gjennomførde undersøkinga på vegne av Unio. Sidan framtida er eigd av ungdommen, meiner Unio det er viktig å lytte til oppfatninga til ungdomane. Framtidsdebatten gir oss ny og unik kunnskap om synet til norske ungdomar på mellom anna utdanning- og yrkesval.

Undersøkinga vår baserer seg på den etablerte førestillinga om at yrke er noko ein utdannar seg til og/eller har resten av livet. Men denne førestillinga blir utfordra av teknologisk, organisatorisk og marknandsmessige endringar. Ein barnehagelærar eller politibetjent i dag må kunne mykje meir enn for ti år sidan. Forventningar til kommunikasjon og dokumentasjon aukar.

Hovudkonklusjonen av den første kartlegginga, viser at tryggleik er viktig – uansett generasjon. Fast inntekt, liten sjanse for å miste jobben, godt betalt arbeid og at ein kan bruka evnene og anlegga sine, er særs viktig for elevane. Heile 86 prosent svarte at det betyr mykje i val av yrke at arbeidet gir fast inntekt. Berre 0,7 prosent svarte at det ikkje er viktig. Og 83 prosent av dei spurde svarte at det er viktig at jobbval inneber liten sjans for å verta arbeidslause. Berre 1,5 prosent svarte at det ikkje spelar nokon rolle.

Det er også gledeleg, med tanke på arbeidslinja, at det som er minst viktig for elevane i undersøkinga er høve til å arbeid deltid.

Vi spurde vidare elevane korleis dei såg føre seg at livet deira ville sjå ut om ti år. Vi presenterte dei med ei rekkje påstandar om arbeidsliv og familieliv der elevane skulle vurdere kor godt kvart av utsegnene passa dei. Analysane stadfestar tidlegare funn i retning av at dei fleste ungdomane ynskjer å ha ein fast jobb når dei blir vaksne. Få elevar tenkjer at dei har starta eige føretak om ti år, og det å jobba i utlandet eller å jobba i ein hjelpeorganisasjon er det òg relativt få som trur dei kjem til å gjere om ti år.

Det er ikkje noko i undersøkinga vår som gjev indikasjonar på at dagens unge planlegg eit heilt anna liv enn foreldra deira. Meir enn åtte av ti meiner dei er gift eller samboande i løpet av dei neste ti åra, og nær seks av ti meiner at dei til og med har rukke å få barn. Med familie følgjer også for denne generasjonen eit ønske om eigen bustad. Nær 90 prosent av elevane meiner dei eig sin eigen bustad om ti år.

Traaseth har utfordra fagrørsla med tanke på å vere attraktive også for morgondagens arbeidstakarar. Og den utfordringa skal vi ta. Her har vi, ifølgje Framtidsdebatten, dei unge i ryggen. For undersøkinga viser at ungdomar meiner fagforeiningar sikrar bra løn og trygge arbeidsvilkår:

• 73,2 prosent av ungdom er heilt eller delvis samde i at fagforeiningar er viktige for å få god lønsutvikling.

• 63,3 prosent er samde i at utan fagforeiningar ville arbeidsforholda til dei tilsette vore mykje verre.

• 70,5 prosent meiner det vil vera svært, eller nokså viktig å fagorganisera seg i ein framtidig jobb.

Eg tolkar svara frå elevane på vidaregåande skule slik at dei klassiske verdiane består og vert verdsett av ungdom. Dette kan sjølvsagt utfordrast om vi ikkje evnar å sjå og ta trendar innover oss. For endringar vil kome. Men kanskje vi ikkje treng å «hypa» endringane til dei gradene vi ser at dei til tider blir gjort.

Ragnhild Lied,

Unio-leiar

Undersøkinga viser at ungdomar meiner fagforeiningar sikrar bra løn og trygge arbeidsvilkår.

Annonse
Annonse