JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ein større medieaktør i LO

Då eg byrja i lokalavisa Firda for ikkje meir enn 14 år sidan, var det berre papir som gjaldt. Avisa vart trykt kvar kveld og distribuert ut til abonnentane i løpet av neste dag. Einaste konkurrent var NRK Sogn og Fjordane. Det var ingen elektroniske medier som dominerte nyhendebildet 24 timar i døgnet sju dagar i veka, som det er i dag.

tore.ryssdalsnes@lomedia.no

For berre ti år sidan hadde vi ikkje Internett på alle maskinene i redaksjonen ein gong. Det kjennest som det er utruleg lenge sidan, omtrent i steinalderen, og seier noko om kor raskt medieutviklinga går og har gått dei siste åra. Den elektroniske revolusjonen har endra mediekvardagen meir dei siste 10 åra enn i dei 100 føregåande til saman.

Vi som lagar medlemsblad og fagblad har endra oss i takt med mediene rundt oss. Der vi tidlegare sende ut blad med reportasjar om vårens lønsoppgjer tre veker etter at oppgjeret var avslutta, er vi no fyldig bemanna natta igjennom og rapporterer kvar time om stort sett ingenting fram til løysinga er eit faktum. Forhandlingsresultatet blir fyldig dekka på nettet med kommentarar og reaksjonar umiddelbart etterpå. I bladet som blir sendt ut ei stund etterpå prioriterer vi som oftast reportasjar og bakgrunnsartiklar om det same oppgjeret. Kor mange kroner og prosent som er gitt i tillegg er gamalt nytt når bladet kjem ut.

Dette stiller store krav til oss som mediebedrift og det stiller store krav til forbunda som utgjevarar av fagblad og andre publikasjonar. Kostnadene knytte til innhald, trykking og distribusjon av fagblada aukar, og som ein konsekvens av dette vedtok LO Stats representantskap i november at dei skal gå gjennom heile informasjonsstrategien sin. Utfallet av denne prosessen kan bli at det fellesstoffet som har gått til alle medlemmer knytta til LO Stat, blir lagt ned. Forbunda i LO Stat må i så fall lage blad på eiga hand, medan LO Stat kanskje skal bruke informasjonsressursane sine på elektronisk publisering, Internett og andre redaksjonelle produkt.

For betre å kunne møte slike endringar i bladstrukturar og publiseringsformer gjer LO og forbunda frå nyttår eit stort grep med LOs mediebedrifter. LO Media og Aktuell vert slått saman frå 1. januar, og vi etablerer dermed ei slagkraftig verksemd med rundt 60 tilsette, framleis med namnet LO Media. Medarbeidarane skal lage fagblad til kring 15 av LOs 25 forbund, vi skal lage innhald til eit mangfald av nettstader og vi skal produsere trykksaker og anna informasjonsmateriell i stor skala.

Vi trur endringa er fornuftig både fagleg og økonomisk. Ved å samle ressursane får vi større fagmiljø, fleire kompetansepersonar i same bedrift og blir betre rusta til å møte endringar i forbundsstrukturar, bladtilbod, økonomiske ressursar og publiseringskanalar.

Annonse
Annonse