JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Frp: «- markedstenkning på alle nivåer»

Det verkar viktigare for Jensen å vere ideologisk fundamentalist i sin marknadsliberalistiske iver, enn å finne praktiske løysningar som verkar for alle og femner om alle, skriv Reidar Sandal.

Frp-formann Siv Jensen har eit tydeleg mål. Ho vil i regjering med eit sterkt Frp. Dette lover ikkje godt for nasjonen Noreg. Og ho er sikker på at dei andre borgarlege partia vil komme krypande til Frp. «- En ting er hva de [Høyre, Krf og Venstre] sier nå. Noe helt annet er hva de vil si når vi sitter der med et borgerlig flertall.»

Siv Jensen svarer eit klart «ja» på spørsmålet om ho framleis er marknadsliberalist. Derfor synest ho også det er heilt i orden at aksjemeklarar tener 15 millionar kroner i året. Slik snakkar formannen i partiet som påstår at det er for «folk flest». Så feil kan ein ta.

«Det verkar viktigare for Jensen å vere ideologisk fundamentalist i sin marknadsliberalistiske iver enn å finne praktiske løysningar som verkar for alle og femner om alle. Viss det er noko finanskrisa har vist oss alle, er det at vi ikkje treng marknadsfundamentalistar. Det vi treng er ei regjering som jobbar for folk, for å tryggje arbeidsplassar og for å sikre norsk økonomi. Det gjer Stoltenberg-regjeringa.

Frp sitt nye slagord er at partiet vil «fornye» Noreg. Dette er feil. Frp vil totalendre Noreg. Og det gjennomsyrar partiet si historie. På sitt landsmøte tidleg på 1990-tallet vedtok Frp at målet var å leggje ned den sosialdemokratiske velferdsstaten. 4. mai i fjor sa Siv Jensen til Aftenposten at Frps «politiske løsninger er så annerledes i forhold til hvordan Norge styres i dag, at det vil kreve en total endring av dagens situasjon.»

Når Jensen seier ho vil ha ei «total endring» av Noreg, så trur eg på det. Med skattelette til dei rikaste, mindre til omsorg og pleie og ei privatisering av skular, omsorg og helse, ja, då vil marknadsstyre ta over for folkestyre. Og Noreg vil bli eit kaldare og hardare samfunn. Vi trur ikkje folk vil ha ei «total endring» av samfunnet sitt. Vi trur folk vil ha eit tryggare og betre samfunn. Då er Arbeidarpartiet valet.

LO-Aktuelt nr. 8/2009

Annonse
Annonse