JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Statleg eigarskap – Høgre på kollisjonskurs

For Arbeidarpartiet har statleg eigarskap lenge vore eit sentralt politisk standpunkt. Det har vore avgjerande for å sikre at viktige bedrifter og kompetanse blir vidareutvikla og verande i Noreg, skriv Gunvor Eldegard.

Ein annan viktig grunn er at me ynskjer at fellesskapet skal eige energiressursar og petroleumsførekomstane, slik at inntektene frå desse ressursane kan brukast til å vidareutvikle det norske velferdssamfunnet. Dette er heilt i tråd med Arbeidarpartiets sin politikk og tradisjonar.

Staten har eigarinteresser i 80 selskap med meir enn 280 000 arbeidsplassar.

Me har mange solide statlege bedrifter – m.a. StatoilHydro, Telenor, Statkraft – som gjer det godt i tøff internasjonal konkurranse. Desse tilfører store økonomiske ressursar til fellesskapet og det norske velferdssamfunnet.

Ei undersøking som nyleg vart gjort for vekemagasinet Mandag Morgen, viste at statleg eigarskap har massiv støtte også blant norske bedriftsleiarar. Heile 72% av bedriftsleiarane er positive til statleg eigarskap i næringslivet. Faktisk var det berre 9% som meiner at staten skal redusere eigarskapet sitt. Bedriftsleiarane er tydeleg heilt på linje med politikken til Arbeidarpartiet og regjeringa på dette området. Det er sjølvsagt gledeleg. Adm. dir. Stein Lier-Hansen i Norsk Industri uttaler i ein kommentar: «Kritikerne til statlig eierskap er ikke representative for næringslivet. »

Høgreleiinga fekk nok morgonkaffen skikkeleg i vrangstrupen då dei kunne lese resultatet av undersøkinga! Partiet sin næringspolitiske talsmann Torbjørn Hansen uttalar i ein uvanleg spak kommentar: «Jeg er kanskje litt overrasket over at så mange er fornøyd med omfanget.»

For høgrepartia har hamra og jamra over statleg eigarskap. Dei vil selje ned, og dei vil selje ut og dei vil privatisere. Statleg eigarskap er noko styggedom, meiner dei!

Men undersøkinga viser altfor tydeleg at høgrepartia er totalt i utakt og på kollisjonskurs med det leiarane i næringslivet sjølv ynskjer.

LO-Aktuelt nr. 10/2009

Annonse
Annonse