JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Forvaltning for demokrati og fellesskap

Forvaltninga er til for fellesskapet. Folk, næringsliv og det politiske systemet er avhengige av at forvaltninga fungerer godt. Vi vil ha ein stor offentleg sektor i Noreg. Det forpliktar.

Forvaltninga er ein del av den politiske og parlamentariske styrings kjeda. Den utfører tenester for folk og næringsliv og gjer vedtak som verkar inn på folk sine rettar og plikter.

Forvaltningspolitikken til høgresida er prega av etteraping av privat næringsliv, konkurranseutsetjing, ønske om minst mogleg statleg styring og ein grunnleggjande mistillit til dei tilsette og organisasjonane deira. Stortingsmeldinga, ei forvaltning for demokrati og fellesskap, tek eit oppgjer med denne tankegangen, som gjerne vert samla under nemninga New Public Management.

Meldinga slår fast at regjeringa går imot meir konkurranse utsetjing innan viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg. Oppsplitting og utskiljing av statleg verksemd er ikkje eit politisk mål. Staten må vere organisert og styrt slik at vi kan samordne verkemidla der det kjem brukarane og dei politiske måla til gode. Det inneber ikkje slutt på nye organisasjonsløysingar. Samhandlingsreforma som helseministeren arbeider med, er eit døme. Målet er samanhengjande tenester og eit godt samarbeid mellom sjukehusa og primærhelsetenesta.

Statlege verksemder er ulike. Dei skal oppnå ulike mål og har forskjellige brukargrupper. Ei og same verksemd kan óg ha ulike mål den skal oppfylle. Staten er ikkje som private verksemder, som har eitt overordna mål – å tene pengar. Staten skal tene innbyggjarane og demokratiet. Det er ei krevjande oppgåve, sidan vi ofte må vege ulike og til dels motstridande mål opp mot kvarandre. Til dømes kan retten til éin innbyggjar medføre at ein annan vert pålagd ei plikt. Vi kan ikkje organisere oss bort frå målkonfliktar. Å herme etter styringsprinsipp i privat sektor er ikkje løysinga. Fornyingsarbeidet i forvaltninga må ha dette for auge. Det er ikkje det same som at forvaltninga ikkje skal vere effektiv. Kvar krone som vert brukt unødig, kunne vore nytta til å nå andre politiske mål. Effektivitet og hushaldering er blant dygdene i forvaltninga.

Forvaltninga skal vere politisk styrt, men skal óg byggje på sentrale rettsstatsprinsipp som likehandsaming. Dette gjer forvaltninga til ein unik organisasjon i skjeringspunktet mellom politikk og fag. Det set store krav til dei tilsette og til leiarane. Vi må bruke kunnskapen og engasjementet til dei tilsette i vidareutviklinga av forvaltninga. Medråderetten til organisasjonane og medverknad frå dei tilsette er heilt avgjerande. Den leiaren som trur at han kan utvikle ein god arbeidskultur gjennom kontraktar, kontroll og økonomisk påskjønning ut frå individuelle suksesskriterier, må stå tidleg opp om morgonen. Denne regjeringa har meir tru på utvikling av eit godt og produktivt arbeidsmiljø gjennom samarbeid og felles forståing av dei høge krava til kvalitet og openheit som må prege ei moderne forvaltning.

LO-Aktuelt nr. 11/2009

Annonse
Annonse