JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Når lønna ikkje kjem

Finanskrisa har gitt ein dramatisk auke i talet på konkursar. Kva skal ein arbeidstakar gjere når lønna brått sluttar å kome inn på kontoen?

– Det dummaste er å gjere ingenting og håpe at problema skal gå over av seg sjølv, seier Elin Lind, rådgjevar i Arbeidstilsynets svarteneste. – Før det kjem så langt som til ein konkurs, har gjerne betalingsproblema og gjelda bygd seg opp. Kundane gjer ikkje opp for seg, bankane stengjer kreditten. Og ein dag kan arbeidstakarane oppleve at lønna ikkje lenger kjem inn på konto til avtalt tid, eller dei får ikkje sjukepengar eller feriepengar dei har krav på. Les hele artikkelen her

Ventar og håper på det beste

– Problemet er at arbeidstakarane sjølve må drive inn lønna si. Er grunnen vrangvilje eller konflikt, må dei gå til forliksrådet. Om arbeidsgjevaren manglar pengar, må dei gå til tingretten med krav om at han blir slått konkurs. Men det er det mange som kvir seg for. Dei går og ventar, og håper det beste. Vi har vore borti folk som har venta i månadsvis utan lønn. Dermed risikerer dei også å miste rett til utbetaling frå det statlege lønnsgarantifondet, fordi krava blir forelda, seier Elin Lind.

Annonse
Annonse