JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Desperat jobbjakt

Norske skipsverft slit med tomme ordrebøker, men druknar nærast i utanlandske arbeidarar på jakt etter arbeid.

Berre ved lille Solund Verft i Sogn og fjordane, med 45 tilsette, blir dei dagleg kontakta av 3-4 firma og enkeltpersonar som er på jakt etter arbeid, fortel dagleg leiar Svein Tore Bakke til NRK Sogn og Fjordane.

Jan Ove Tytingvåg, som er dagleg leiar i utleigefirmaet Artic Personal, fortel den samme historia.

– Vi har stor pågang, og større pågang enn nokon gong frå Norden, både norske arbeidarar frå m.a. Aker Verdal, men spesielt frå Sverige og Finland. Det er og stor pågang frå Litauen og Latvia.

Forklaringa er at ordrebøkene er enda tommare ute i Europa enn hos norske verft. Dei baltiske landa er særleg hardt råka av finanskrisa.

Leiaren for Artic Personal seier han er bekymra for at det store overskotet på arbeidskraft vil føre til sosial dumping.

– Vi har dessverre ein mistanke om at det er delvis i ferd med å skje. For vår del held vi oss berre til dei tariffane som gjeld. Men vi ser at nye aktørar får innpass, og vi er ikkje heilt sikre på korleis dei greier det. Vi er ikkje nøgd med situasjonen, seier han.

Fellesforbundet sin distriktssekretær, Oddbjørn Aalen, deler bekymringa.

– Ordtaket seier at når krubba er tom så bitest hestane, og det kan verke som at det er tilfelle no, seier han til NRK Sogn og Fjordane..

Annonse
Annonse