JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fleire går konkurs

Etter ein jamn nedgang dei siste åra gjekk talet på konkursar opp i andre kvartal i år. I alt vart det opna 875 konkursar, 26,6 prosent fleire enn i same kvartal i fjor, skriv Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Ni av ti føretak som gjekk konkurs i andre kvartal, er aksjeselskap eller enkeltpersonføretak (som òg inkluderer personlege konkursar). Dette tilsvarar delen av føretak med desse organisasjonsforma i bestanden.

Enkeltpersonføretak og ASer

Talet på aksjeselskap som gjekk konkurs, gjekk opp med 38,6 prosent, medan det var 10 prosent fleire konkursar innanfor enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) sto for 7,2 prosent av alle konkursane i siste kvartal, medan dei berre utgjer 1,9 prosent av føretaka.

Flest konkursar innanfor varehandel

589 av de 875 konkursane er såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke enkeltpersonføretak. Ein tredel av dei er innanfor varehandel, reparasjon av kjøretøy og reparasjon av hushaldsapparat, medan 21 prosent er registrert innanfor eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleige.

Innanfor utleige var det ein auke i konkursar på 72 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor.

Dei resterande 286 konkursane omfattar enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Kvar tredje av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Kvinner går sjeldnare konkurs

Berre 8 prosent av innehavarane i enkeltpersonføretak som gjekk konkurs i 2007, var kvinner, medan totalt eit av fire enkeltpersonføretak er drivne av kvinner, påpeikar SSB.

13 prosent av eigarane i enkeltpersonføretak og 3,5 prosent av eigarane i aksjeselskap som gjekk konkurs i perioden, var personar med ikkje-vestleg bakgrunn. I alt er 6 prosent av eigarane i enkeltpersonføretak og 2 prosent av eigarane i aksjeselskap personar med ikkje-vestlig bakgrunn.

Hittil i år er det totalt 1.628 konkursar - 3,6 prosent fleire samanlikna med den same perioden i 2007.

Annonse
Annonse