JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dumpa på sokkelesten

Utan mat, pengar eller plass å bu, troppa tre latviske bygningsarbeidarar opp på Fellesforbundet sitt kontor i Leirvik for å be om hjelp.

has@lomedia.no

– Dette er eit av dei grovaste tilfella av sosial dumping me har sett her på Stord, seier Roald Agdestein i Fellesforbundet til magasinett.

Jobba i sokkelesten

Det var oppdragsgjevaren på Stord som slo alarm då han oppdaga dei tre latviarane på taket i berre sokkelesten. Han vart også uroleg då han fann ut at dei mangla mat. Latviarane var tilsette gjennom firmaet Norsk stigesalg og vedlikehold i Ålesund.

Betalte for jobb

Til avisa Sunnhordland fortel ein av arbeidarane, Aigars Davidenis, at dei betalte rundt 3000 kroner kvar til bakmenn i Latvia for å få telefonnummer til arbeidsgjevarar i Noreg. I heimlandet er det folk som leiter opp annonser i Noreg om jobb og sel desse opplysningane vidare til arbeidslause.

Latviarane kom til Stord 18. juli og vart innlosjerte på ulike campingplassar. Arbeidsgjevaren i Ålesund hadde lova å betale for opphaldet, noko som ikkje skjedde. Dermed vart dei kasta ut, bortsett frå den eine plassen der arbeidarane betalte frå eiga lomme.

Pengar rett i handa

Den eine av dei fire arbeidarane reiste heim att då dei ikkje fekk utbetalt løn. I følge deira eige utsegn har dei fire totalt fått utbetalt 13.900 kroner for ein månads arbeid. 12.000 vart utbetalt første veka sidan kom det to «utbetalingar» på 1.000 og 900 kroner. Noko arbeidskontrakt hadde dei ikkje, og pengane fekk dei rett i handa. Til slutt skjønte dei at dei vart lurde for pengar, og troppa opp hjå Fellesforbundet for å be om hjelp.

– Me vil hjelpa dei til å få ut løna dei har krav på. Det er snakk om fleire titals tusen kroner, seier Agdestein, som ventar på å få timelistene frå latviarane. I dag har dei meld Norsk stigesalg og vedlikehold inn til Arbeidstilsynet og UDI.

Ny jobb, garantert løn

Fellesforbundet har no hjelpt dei tre latviarane til å få ny jobb. I neste veke byrjar dei i Industripartner Stord AS med ei garantert grunnløn på 127,50 per time.

– Dette er røynde arbeidsfolk som ikkje fortjener dårleg handsaming av useriøse arbeidsgjevarar, sukkar Agdestein som seier at det er langt frå fyrste gong dei hjelper utenlandske arbeidstakarar som har havna i liknande uføre.

Annonse

Flere saker

Annonse