– Russarane kan kome
Alle næringar i Troms, Finnmark og Nordland kan frå 1. desember rekruttere ufaglærte russarar frå Barentsregionen, ikkje berre fiskeforedlingsindustrien som nå.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no bedt Utlendingsdirektoratet om å endre praksis etter utlendingslova. Det skal framleis vere eit avgrensa løyve på inntil to år som gjeld for ufaglært arbeid i dei tre nordlegaste fylka, og som ikkje gir grunnlag for varig opphald.
Vilkåra knytt til lønn og fortrinnsrett for innanlandsk arbeidskraft og arbeidskraft frå EØS/EFTA-området skal framleis gjelde, skriv Arbeids- og Inkluderingsdepartementet i ei pressemelding.
Utan dokumentert kompetanse
I arbeidsinnvandringsmeldinga foreslo regjeringa i april å utvide tilgangen for russarar frå Barentsregionen utan dokumentert kompetanse til å arbeide i alle næringar i dei tre nordlegaste fylka. Denne ordninga gjeld i dag berre for arbeid i fiskeforedlingsindustrien, men her har behovet vore lite dei seinare åra.
– Det er gledeleg at vi no får på plass denne ordninga som gir verksemdene i Nord-Noreg betre tilgang til russisk arbeidskraft og styrkjer samhandlinga over grensa til Russland. Endringa i regelverket må sjåast i samanheng med regjeringas Nordområdestrategi, seier arbeids- og inkluderingsministeren.
Ikkje berre
fiskeforedling
– Arbeids- og inkluderingsdepartementet har bedt Utlendingsdirektoratet om å endre praksis slik at alle næringar i dei tre nordlegaste fylka, ikkje berre fiskeforedlingsindustrien som nå, kan nytte ufaglært arbeidskraft frå Barentsregionen i Russland, opplyser arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.
Samarbeidet mellom Nord-Noreg og Nordvest-Russland er i sterk utvikling, og samhandelen aukar. På stadig fleire område inngår norske og russiske bedrifter eit nært og omfattande samarbeid. Det er derfor ønskjelig å leggje til rette for god mobilitet av arbeidskraft over grensa mellom Russland og Noreg, meiner Arbeids- og Inkluderingsdepartementet.