JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nye EU-land i framgang

Resultata frå den europeiske kjøpekraftsundersøkinga 2005-2007 syner at det framleis er store skilnader mellom dei europeiske landa. Samtidig er det klare tendensar til positiv utvikling i fleire "nye" medlemsland i EU.

Prisnivået i dei fleste europeiske landa har vore relativt stabilt i perioden 2005-2007. Unntak er mellom anna dei nye EU-landa Estland, Latvia, Litauen, Slovakia og Romania, som har ein klar tendens til auka prisnivå, skriver Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Desse landa var også blant dei med størst relativ vekst i prisnivåjustert bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar i denne perioden. Noreg var i 2007 nummer to i Europa både når det gjeld prisnivåjustert BNP per innbyggjar og prisnivå.

Island og Noreg på pristoppen

Island, Noreg og Danmark hadde Europas høgaste prisnivå for varer og tenester til personleg konsum i 2007, respektive 53, 46 og 43 prosent over gjennomsnittet i EU. Dette er eit godt steg føre Sveits, Irland, Luxembourg, Sverige og Finland, som alle ligg 20-30 prosent over gjennomsnittet.

Internt i EU er det framleis store skilnader. Til dømes var prisnivået i Danmark 3,5 gonger så høgt som i Bulgaria i 2007. Landa med det lågaste prisnivået finn vi søraust i Europa. I Serbia, Bosnia-Hercegovina, Albania, Bulgaria og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, er prisnivået under det halve av EU-snittet.

Positiv utvikling i aust og søraust

Luxembourg hadde det høgaste prisnivåjusterte BNP per innbyggjar i 2007, 167 prosent over gjennomsnittet i EU. Årsaka til det særskild høge resultatet for Luxembourg kjem av at landet har ei stor mengd utanlandske arbeidstakarar som medverkar til BNP, men som ikkje tel med i befolkninga.

Dette tyder ikkje at resultata for Luxembourg er feil, men at prisnivåjustert BNP per innbyggjar ikkje ukritisk kan nyttast som ein indikator på innbyggjaranes velstandsnivå eller kjøpekraft, påpeiker SSB.

Noreg nummer to

Noreg er ein klar nummer to i Europa, 79 prosent over EU-27 (se faktaboks). Irland, Sveits og Nederland har også eit høgt prisnivåjustert BNP per innbyggjar, respektive 50, 37 og 31 prosent over gjennomsnittet av EU-27.

Det er framleis store skilnader mellom landa aust og vest i Europa når det gjeld prisnivåjustert bruttonasjonalprodukt per innbyggjar. Av dei tolv landa som er kome med i EU sidan 2004, er Kypros, Slovenia, Tsjekkia og Malta dei einaste som er i nærleiken av vesteuropeisk nivå.

Albania lågast

Bulgaria og Romania hadde i 2007 dei lågaste resultata blant EU-landa. Og heilt nedst på lista finn vi land søraust i Europa. I Serbia, den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Bosnia-Hercegovina var prisnivåjustert BNP per innbyggjar lågare enn ein tredel av EU-snittet. Albania ligg enda lågare.

Samanliknar vi 2005-resultata med 2007, ser vi at mange av landa med eit lågt resultat for prisnivåjustert BNP per innbyggjar samtidig har hatt ei positiv utvikling i perioden. Slovakia, Romania, Litauen, Latvia, Estland og Montenegro var dei fremste av desse.

Personleg konsum per innbyggjar

BNP per innbyggjar ser vi ofte på som eit mål på velstandsnivået i eit land, men bør brukast med varsemd. Som nemnd ovanfor er Luxembourg eit døme på at det å komme ut med eit høgt prisnivåjustert BNP per innbyggjar i statistikken ikkje naudsynt er eit godt mål på befolkningas relative kjøpekraft eller velstandsnivå.

Eit anna døme er Noregs høge resultat for prisnivåjustert BNP per innbyggjar, som delvis kjem av dei høge oljeinntektene. Desse inntektene påverkar ikkje kjøpekrafta til den norske befolkninga i så stor grad fordi dei ikkje blir konsumerte no, men går til sparing i oljefondet for framtidig konsum.

Difor, dersom ein spesifikt ønskjer å samanlikne kjøpekrafta eller velstandsnivået for vanlege forbrukarar i forskjellige land, kan det vere meir nyttig med fokus på indikatoren ”personleg konsum per innbyggjar”. Personleg konsum utgjer ein stor del av BNP, men består berre av varer og tenester til private hushald samt den delen av det offentlege forbruket som blir konsumert individuelt, som til dømes helsetenester og utdanning.

Dei 37 landa som deltok i undersøkinga, er dei 27 EU-landa (EU-27), dei tre søkjarlanda til EU (Kroatia, den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, og Tyrkia), dei tre EFTA-landa (Noreg, Island og Sveits) samt Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia.

Resultata av undersøkinga som nyleg blei publisert av Eurostat blir hovudsakleg brukt til å justere prisnivå for økonomiske indikatorar, som til dømes BNP per innbyggjar, i ulike land.

Ut frå dette får ein reelle storleikar slik at land med høgt/lågt prisnivå ikkje får over/undervurdert sitt resultat i samanlikninga.

Annonse
Annonse

Dei 37 landa som deltok i undersøkinga, er dei 27 EU-landa (EU-27), dei tre søkjarlanda til EU (Kroatia, den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, og Tyrkia), dei tre EFTA-landa (Noreg, Island og Sveits) samt Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia.

Resultata av undersøkinga som nyleg blei publisert av Eurostat blir hovudsakleg brukt til å justere prisnivå for økonomiske indikatorar, som til dømes BNP per innbyggjar, i ulike land.

Ut frå dette får ein reelle storleikar slik at land med høgt/lågt prisnivå ikkje får over/undervurdert sitt resultat i samanlikninga.