JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kritiserar aukande byråkratisering

NTL og Forskerforbundet krev at regjeringa tek signala frå universitets- og høgskulesektoren på alvor.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Norsk Tjenestemannslag og Forskerforbundet er einige om at kvardagen til dei tilsette i akademia ikkje har vorte betre med den raudgrøne regjeringa.

Dei kritiserar aukande byråkratisering, mindre tid til forsking og mindre påverknad på eigen arbeidssituasjon. No krev organisajonane tiltak frå regjeringa.

– For snille

Mykje av årsaka til problema vert tilskrive økonomistyringa i sektoren, som organisasjonane meiner er totalt ueigna for utdanningsinstitusjonar.

– Vi er alt for snille i denne sektoren. Økonomisystemet styrer heile sektoren, og det gjer meg uroa for heile sektoren. Eg vert ganske sjokkert av måten ein omtalar utdanning på, det er det same begrepsapparatet som då eg arbeidde i produksjonen på Findus, seier nestleiar Anita Solhaug i NTL.

Samen med Forskerforbundet krev NTL at regjeringa tek ein ny gjennomgang av statens si økonomistyring i sektoren, tek initiativ til å redusere byråkratiseringa av akademia, undersøkjer avtaler for forskingstid og aukar dei fri budsjettmidla.

Ikkje betre

Leiar Bjarne Hodne i Forskerforbundet gjorde på eit møte i oktober ei vurdering om den raudgrøne regjeringa har gjort kvardagen noko betre for dei tilsette. Svaret var nei.

– Det har ikkje vorte betre, snarare tvert om. Trass i ti milliardar kroner meir til sektoren sidan 2004, har handlingsrommet vorte mindre. Basisløyvinga vert eten opp av underfinansierte studieplassar og stipendiatstillingar, mellom anna. Regjeringa må følgje opp dei 62 råda Handlingsromutvalet ga, seier Hodne.

Anita Solhaug er i alle fall lei av møter med statsråden.

– Vi må slutte å tru at vi får til noko ved å sitje på fanget til ein statsråd. Det skjer ingenting. Vi får ikkje til noko utan eit opprør nedanfrå, og det meinar eg vi må klare å få til, seier ho.

Annonse

Flere saker

Annonse