JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nye krav til arbeidsløyve

UDI må innskjerpe praksisen for asylsøkjarar som ønskjer mellombels arbeidsløyve

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har instruert Utlendingsdirektoratet (UDI) om å innskjerpe praksisen for asylsøkjarar som ønskjer mellombels arbeidsløyve. No må dei kunne dokumentere identiteten sin for å få eit slikt løyves, skriv departementet i ei pressemelding.

"Ein asylsøkjar kan få mellombels arbeidsløyve. Eit av vilkåra for å få slik løyve no, er at det ikkje skal vere tvil om identiteten til søkjaren", står det å lese i pressemeldinga.

– Det er viktig at vi kjenner identiteten til dei som oppheld seg i Noreg. Praksisendringa kan medverke til at fleire legg fram identitetsdokument. I tillegg kan det føre til at personar med økonomiske motiv ikkje reiser til Noreg for å søkje asyl, seier statsråd Dag Terje Andersen.

Utlendingsdirektoratet (UDI)har hittil ikkje kravd dokumentasjon på identitet for å gi mellombels arbeidsløyve. Departementet har instruert UDI om å endre praksis, slik at det no er eit slikt dokumentasjonskrav for å få mellombels arbeidsløyve. For enkelte nasjonalitetar vil det ikkje vere praktisk mogeleg å leggje fram dokument som kan stadfeste identiteten. For desse asylsøkjarane blir det kravd at dei sannsynleggjer identiteten sin.

I dag har få søkjarar identifikasjonsdokument når dei søkjer asyl. Endringa omfattar derfor mange asylsøkjarar, ifølge AID.

Annonse
Annonse